Hopp til innhold

Kraftig auke i angrep på jødar

Talet på anti-semittiske handlingar gjekk kraftig opp over heile verda i fjor, viser ei undersøking.

Skudd mot synagogen
Foto: Knut Falch, Falch, Knut / Scanpix

Undersøkinga er gjort ved Stepeh Roth-instituttet for studiar om anisemittisme og rasisme ved Universitetet i Tel Aviv i Israel.

Tala vart framlagde på minnedagen for Holocaust, då seks millionar jødar vart drepne av nazistane under andre verdskrigen

Undersøkinga viser at det var 590 tilfelle av vald og vandalisme mot jødar og jødisk eigedom i 2006.

Kraftigast auke i slike angrep har det vore i Storbritannia. I 2006 var det 60 prosent fleire angrep på jødisk eigedom, og 37 prosent fleire fysiske angrep på jødar. Tala er dei høgste på 20 år.

Også i Australia  har det vore ein kraftig auke, det er registrert 47 prosent fleire slike angrep i 2006 enn i 2005. Einaste landet med ein nedgang er USA.

Det er to grupper i som hovudsak utfører det instituttet kallar antisemittiske angrep. Det er grupper av muslimske immigrantar i vestlege land og nynazistar og deira symapitisørar.

Ei årsak til den sterke auken i slike angrep i fjor kan vere krigen i Libanon i fjor sommar. Mange av angrepa kom under og like etter denne krigen, opplyser Stephen Roth-instituttet. 

Også den iranske presidenten Mahmmoud Ahmadinejad sine harde utfall mot Israel kan ha ført til angrepet på jødar og jødiske mål, heiter det i undersøkinga.

SISTE NYTT

Siste nytt