Hopp til innhold

McDonalds avviser barnefedme-krav

McDonalds har avvist eit krav frå 550 medisinske fagfolk om å stoppa reklame retta mot born.

Klovnen Ronald McDonald er McDonalds maskot

Verdas største fastfoodkjede, McDonalds, vert kritisert for å bidra til barnefedme-epidemien i USA ved å bruka marknadsføring retta mot born.

Foto: BRENDAN MCDERMID / Reuters

- Dette handlar om den personlege og individuelle retten til å ta eigne val, seier administrerande direktør Jim Skinner, ifølgje Reuters.

McDonalds har også avvist forslag om å utarbeida ein intern rapport om kva innverknad kjeda har på barnefedme-epidemien i USA.

I USA er 17 prosent av born og unge overvektige, ifølgje styresmaktene.