Hopp til innhold

Norwegian auka mest i Europa i fjor

Flyselskapet Norwegian hadde ein passasjervekst på 21,2 prosent i fjor. Det er best i Europa.

Norwegian-fly

Passasjerveksten i Norwegian tar av. Selskapet auka mest i Europa i fjor.

Foto: Kleiven, Paul / SCANPIX

Danske Check-In har samanlikna passasjerutviklinga for eit utval europeiske flyselskap i fjor. Der kjem det norske selskapet Norwegian best ut, med ein vekst på 21,2 prosent.

Nettstaden meiner Norwegian dermed ligg an til å vinne passasjerkampen i 2010.

– Det er i alle fall konklusjonen så langt, når ein ser på tala som nettopp er offentleggjorde, skriv dei.

– Passasjerane bestemmer

Karl Peter Gombrii

– Vi er glade for veksten, men audmjuke. Det er passasjerane som bestemmer, seier pressetalsmann Karl Peter Gombrii i Norwegian.

Foto: Norwegian

Pressetalsmann Karl Peter Gombrii seier Norwegian er glade for veksten.

– Vi er tilfredse med at vi har klart å auke talet på avgangar og samtidig få fleire passasjerar per avgang. Men vi er audmjuke overfor passasjerane. Det er trass alt dei som bestemmer, og vi som må tilpasse oss deira behov, seier han til NRK.no.

Gombrii fortel at Norwegian hadde 18.000 fleire avgangar i fjor, og at dei heile tida kuttar kostnadane.

I fjor var prisen det kosta å sende eitt sete ein kilometer halvert målt mot oppstarten i 2002, ifølgje Gombrii.

Eit stykke til toppen

Norwegian har framleis eit stykke å gå før dei når passasjermengda til dei større europeiske selskapa. Selskapet frakta i fjor 13 millionar passasjerar.

Det er ikkje meir enn auken Lufthansa hadde i fjor. Dei auka med 13 millionar passasjerar til 90 millionar. Veksten på 17,2 prosent var likevel ikkje nok til å slå Norwegian.

Air France, British Airways og Finnair går tilbake med nokre få prosent. Ryanair og EasyJet har ein vekst med omlag 10 prosent.

Lågpris mest opp

Det ser dermed ut til at det er lågprisselskapa som aukar mest.

– Eg trur passasjerane set pris på billegare flybillettar, samtidig som dei merkar at vi har betre og nyare fly, seier Gombrii.

– Når vi kan tilby like bra eller betre reiser til ein billegare penge, er det fort det passasjerane vel, seier han.

Ifølgje Gombrii har Norwegian auka i heile området dei dekkjer, men at veksten er størst til utlandet.

Han fortel at trafikken frå Skandinavia til kontinentet har auka med 40 prosent, men at også trafikken mellom innanfor Skandinavia har auka mykje.

SAS-fly

SAS-veksten på 1,3 prosent var langt bak Norwegian, men SAS trur på betre tider, seier Informasjonskonsulent Monica Hovland.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

SAS ser framover

SAS auka med 330.000 passasjerar og ligg stabilt rundt 25 millionar etter ein auke på 1,3 prosent i fjor. Med det ligg dei i eit mellomskikt i den danske statistikken.

Informasjonskonsulent Monica Hovland opplyser til NRK at SAS har brukt 2010 til å gjere ei omstilling der dei mellom anna har redusert kapasiteten.

– Dette har vore eit heilt medvite grep i vår strategi. Gjennom 2010 og spesielt i siste halvår av året, ser vi ein veldig god vekst hos SAS, samtidig som at gjennomsnittsinntekta vår ikkje lenger går ned, seier ho.

Ifølgje Hovland opnar omstillinga for ny vekst.

– Det betyr at SAS kan auke med fleire fly, fleire avgangar og fleire ruter, seier ho og viser til at SAS i desember hadde nesten 11 prosent fleire passasjerar enn året før.

Streik og oskesky

Fleire av dei store flyselskapa var råka av streikar i 2010. British Airways -personalet streika i til saman meir enn 15 dagar. Finnair måtte klare seg gjennom ein streik på ti dagar i desember, medan Lufthansa måtte sjå pilotane streike i eit par dagar i februar.

Også oskeskya frå Island og snøkaoset i Europa før jul førte til færre passasjerar i fjor. Men dette har påverka alle selskap, peikar Check-In på.

Dei skriv derimot at Ryanair på merkverdig vis har klart å rekne med 1,45 millionar passasjerar som hadde kjøpt billett, men som ikkje kunne fraktast på grunn av oskeskya.

Vulkanutbruddet på Island

Vulkanutbrotet på Island kosta flybransjen dyrt i 2010.

Foto: Arnar Thorisson/Helicopter.is / Ap