Hopp til innhold

Vil auke nettleiga på Austlandet

NVE vil auke nettleiga for straumkundar i aust, for å betale for utbygging i resten av landet.

Høyspentmaster

Gjennom eit nytt forslag vil NVE gjere nettleiga lik for alle straumkundane i landet.

Foto: MICK TSIKAS / REUTERS

Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) har lagt fram eit forslag som skal gi alle private straumkundar i landet lik pris for bruk av regional- og sentralnettet.

Ifølge NVE er det i hovudsak straumkunder på Austlandet som vil merke ei auke i nettleiga.

– Generelt vil kundar i dei fleste distribusjonsnett få redusert eller uendra kostnader, medan auka hovudsakleg vil gjelde kundar tilknytta distribusjonsnett på delar av Austlandet, skriv NVE i ei pressemelding.

Stor utbygging gir høgare nettleige

I dag må du betale meir i nettleige om du bur i eit område der det er høgare kostnader for straumnettet.

– Ved innføring av felles tariffering vil kostnadane i regionalnettet bli fordelt på alle, skriv NVE.

Fordi potensialet for utbygging av ny kraft ikkje er likt fordelt over heile landet, er det kundar i område med stor kraftutbygging som i dag må betale mest.

– For kundar tilknytta distribusjonsnett som har høge kostnader til overliggande regionalnett idag, vil forslaget innbere redusert nettleige. Medan kundar tilknytta distribusjonsnett med lave kostnader vil få auka nettleige.

Meir rettferdig

Forbrukerrådet meiner endringa NVE foreslår vil skape større rettferdigheit mellom dei ulike regionane.

– Det handler om at vi må bygge ut nettet for å få ny produksjon inn i straumnettet, og den produksjonen får alle nytte av. Ikkje berre dei som bur i nærheita av vindmøllene eller elva som produserer straumen, seier Fagdirektør Torger Øynes til NRK.no.

– Det vil alltid bli reaksjonar når nokon må betale meir, men nettkostnadane er eit stort spleiselag, og då er det fornuftig at kostnadane blir fordelt på alle.

Straumkundane må betale

Grunnen til at NVE vil gi distribusjonsselskapa lik pris, er at kundar i dei områda som har stor nettutbygging, også får auka kostnader når det blir tatt ut straum som blir seld vidare.

Statnet meiner det er behov for å bygge ut straumnettet for 40 millioner kroner dei neste ti åra. Medan det er politikarane som avgjer kva som skal byggast, er det straumkundane som betaler for utbyggingane.

Forbrukerrådet seier at justeringane NVE vil gjere i måten tariffen settast på er små, men vil bli enda viktigare i framtida.

– Dette har ingen ting med straumprisen å gjere, men handlar om korleis kostnadane av å ha eit fungerande straumnett, som alle har nytte av, skal fordelast. Det blir behov for store utbyggingar i framtida, og då er det viktig å ha ein god måte å fordele kostnadane på også, seier Øynes.