Blant dei to store inkassoselskapa Lindorff og Kredinor er det for for unge mellom 18 og 25 år rapportert inn ein auke på 50,6 og 64,4 prosent frå 2007 til 2009.
For alle aldersgrupper er auken på 42,8 og 17,2 prosent, skriv Aftenposten.
Administrerande direktør Heidi Skaaret i Lindorff trur auken kjem fordi unge er ei attraktiv kundegruppe for mange, at unge menneske er vande med høgt forbruk, og at unge kanskje ikkje er like flinke til å spare som det foreldregenerasjonen var.
Les også:
Andre inkassoselskap har ikkje ønskt å oppgi sine tal. Samla tal for bransjen kjem i mars.