Varslar streik i fleire EU-land

Ein mann står streikevakt famfor finansdepartementet i Aten sist fredag.
Foto: Yiorgos Karahalis/Scanpix/ReutersFleire tusen offentleg tilsette i fleire EU-land vil streike og demonstrere mot at dei blir ramma av dei økonomiske nedskjeringane i EU.
Publisert 08.02.2010 08:23. Oppdatert 08.02.2010 08:56.
- Skriv ut
Etterdønningane av finanskrisa har gjort at det er planlagt lønnskutt og nedskjeringar i offentleg sektor i mange av medlemslanda i EU. Det er varsla aksjonar i Hellas, Portugal, Irland, Nederland, Tyskland og fleire andre land, melder den danske avisa Politiken.
EU sentralt har kravd lågare offentlege lønningar i medlemslanda, men møter kraftig motbør i fagrørsla, som finn det urettferdig at offentleg tilsette må betale prisen for krisa.
- Offentleg tilsette blir tvungne til å betale for ei økomisk og finansiell krise, som er skapt av eit bankvesen ute av kontroll, seier Carola Fischbach-Pyttel, generalsekretær for Samanslutninga av europeiske fagforeiningar for offentleg tilsette.
Ho legg til at innbyggjarar over heile Europa vil få vanskar som følgje av nedskjeringar i offentleg sektor.
Organisasjonen hennar representerer åtte millionar offentleg tilsette frå over 250 fagforeningar over heile Europa.
I eit intervju med den danske avisa Politiken seier Fischbach-Pyttel at dårlegare kjøpekraft for offentleg tilsette i EU, vil føre til ei ytterlegare oppbremsing av dei eurpeiske økonomiane.
Streikeaksjonane starta i Hellas alt sist veke. Fredag var finansdepartementet stengt på grunn av at tilsette la ned arbeidet.
Lenker
EU
- Balkan ber EU fortsette utvidelse
- Frp kan snu om datalagringsdirektiv
- EU tvilende til medlemmers økonomi
- – Hellas-krisen demper eurolysten
- 'De to store' må løse eurokrisen
- Avviser snarlig Hellas-vedtak
- Kalte EU-presidenten en fuktig klut
- Fortsatt tregt i EU-økonomien
- EU vil forby tunfisk
- EU stanser datasamarbeid med USA
- - EU-krangling har skadet Hellas

Fikk stygt kutt i strupen
