Hopp til innhold

Janne Kristiansen ny PST-sjef

Advokat Janne Kristiansen vart i dag utnemnt til sjef for Politiets tryggingsteneste (PST). Trond Eirik Schea er utnemnt til ny sjef for Økokrim.

Janne Kristiansen
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Kristiansen har leia Gjenopptakingskommisjonen sidan starten av 2004.

Ho var praktiserande advokat frå 1980 til 2003, og har erfaring som fast forsvarar i Moss tingrett og Borgating lagmannsrett.

Trond Eirik Schea

Trond Eirik Schea

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Kristiansen vart oppmoda til å søkje stillinga som PST-sjef av justisminister Knut Storberget.

Les også: Mossing favoritt til PST-jobb

Ho etterfølgjer Jørn Holme, som har vorte ny riksantikvar. Stillinga som PST-sjef er eit åremål på seks år.

Internt opprykk

Schea har vore konstituert Økokrim-sjef sidan årsskiftet og var assisterande Økokrim-sjef frå 2004 til 2009.

AKTUELT NÅ