Hopp til innhold

Utelukkar israelsk selskap

Finansdepartementet utelukkar det israelske selskapet Elbit Systems LTD frå Oljefondet.

SV-leder Kristin Halvorsen under partilederdebatten i 2005
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Meldinga kom frå finansminister Kristin Halvorsen då ho i føremiddag presenterte nye avgjerder om den etiske forvaltinga av Oljefondet.

Selskapet Elbit Systems produserer blant anna overvakingssystem som er sentrale i bygginga av separasjonsmuren, som går over okkupert område på Vestbreidda.

- Vi ønskjer ikkje å finansiere eit selskap som på ein slik måte bidreg til brot på den internasjonale humanitærretten, seier Kristin Halvorsen.

Selskapet utviklar og tilbyd også ubemanna dronefly til det israelske militæret.

Separasjonsmuren

Bygginga av den åtte meter høge muren på Vestbreidda starta i juni 2002. Israelarane kallar muren eit tryggingsgjerde, medan palestinarane ser denne som ein «apartheid-mur».

Les også: Separasjonsmuren på Vestbredden

Etikkrådet for Oljefondet har konkludert med at ei investering i det israelske selskapet medfører "uakseptabel risiko for å bidra til særleg grove brot på grunnleggjande etiske normer".

I tråd med Haag-domstolen

I tilrådinga frå Etikkrådet vert det særleg lagt vekt på ei rådgjevande melding frå Den internasjonale domstolen i Haag frå 2004, som gjer det klart at bygginga av separasjonsmuren langs den traseen som er valt er i strid med folkeretten.

- Det er sett uakseptable hindringar på rørslefridomen for befolkninga i det okkuperte området. Haag-domstolen har bede statane som er partar i Genève-domstolen om å motverke dette. Norske styresmakter har same syn, seier finansministeren i ei pressemelding.

Ho understrekar at vedtaket om å utelukke selskapet ikkje er knytt til nasjonalitet.

- Elbit Systems Ltd. er at Etikkrådet vurdert opp mot dei etiske retningslinene i Statens pensjonsfond - Utland, på lik line med andre selskap dei vurderer.

Norges Bank vart instruert i å selje aksjane i selskapet allereie 30. juni, og Oljefondet er no heilt ute av Elbit Systems Ltd.

Sidan 2002 har 37 selskap vorte utelukka frå investeringar frå Oljefondet.