Hopp til innhold

Oljefondet investerar i "klimaskurkar"

Ei investorgruppe i USA heng ut ni "klimaskurkar" og krev at dei skjerpar seg. Det norske oljefondet bør også bli strengare, meiner Framtiden i våre hender.

Isfjell
Foto: Jostein Bakke, UiB

Dei blir stempla som verstingar i klimaspørsmål: Oljeselskapa Exxon Mobil og Chevron, bilfabrikanten General Motors og kolprodusentane Massey og Consol.

Til saman ni selskap står på "Climate Watch List" fordi dei ikkje vil tilpasse seg nye klimareglar.

Men det må dei enten dei vil eller ikkje, ifølgje den amerikanske investorgruppa Ceres. Investorane her er blitt meir forsiktige med å plassere pengane sine i klimaverstingar. Det er blitt risikabelt.

- CO2 er ein risiko

- Det ein ser meir og meir, er at ein førebur seg på at det vil komme prisar på CO2-utslepp slik at ein må betale for utsleppa. Nokre selskap vil få store problem med å ha lønsam drift fordi dei er dårlegare enn dei andre selskapa i same bransje. Den risikoen er det fleire og fleire investorar som blir klar over, seier Arild Hermstad, dagleg leiar i Framtiden i våre hender.

Den amerikanske investorgruppa Ceres har laga ei liste over selskap som investorar bør passe seg for. Selskap som Exxon Mobil manglar ifølgje Ceres planer for korleis dei skal takle nye og strengare krav til CO2-utslepp.

- Vi ser skrifta på veggen. Lågutsleppsøkonomien er på veg, og selskapa må vere klare. Kraftselskap, oljeselskap og bilprodusentar må sleppe ut mindre i produksjonen og gjennom produkta sine, seier Mindy Lubber, som leiar Ceres.

Investorane i Ceres forvaltar omkring sju gonger meir pengar enn det norske Oljefondet. Selskap som ikkje vil tilpassa seg eit nytt klimaregime blir taparar, hevdar Lubber.

Oljefondet eig "skurkane"

Det norske Oljefondet har investert pengar i alle dei ni potensielle taparane som har hamna på Ceres si verstingliste. Ifølgje Framtiden i våre hender er nærmare 8 milliardar kroner av pensjonspengane våre investert i Exxon Mobil åleine.

Daglig leder Arild Hermstad i Framtiden i våre hender

Arild Hermstad, leder i Framtiden i våre hender.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

- Samtlege ni selskap har vi investert pengar i, nokre små postar, men ein av postane er den største i Oljefondet. Vi etterlyser jo ei heilt klar haldning frå Oljefondet til desse selskapa, og meiner at nokre av dei er så ille at vi bør ut, altså at vi bør trekkje desse investeringane, seier dagleg leiar Arild Hermstad i Framtiden i våre hender.

Chevron er eitt av selskapa på klimaverstinglista. Dei investerer i tjæresandprosjekt i Canada som fører til store CO2-utslepp. Men Chevron er ikkje like opne som andre oljeselskap om kva miljøskader dette kan føre med seg, og om kva strengare utsleppsreglar får å seie for lønsemda i desse investeringane.

- Må tvinge fram endringar

Investorgruppa Ceres stiller klare krav på aksjonærforsamlingane i selskap som Chevron.

- Vi som er langsiktige investorar, skal vere med desse selskapa inn i det evige. Og når viktige spørsmål som klimaendringar blir ignorert, må vi tvinge selskapa til å endre haldning, seier Jack Ehnes, som leiar pensjonsfondet for lærarane i California (CalSTRS).

Dette fondet er halvparten så stort som det norske Oljefondet, og stiller langt strengare klimakrav enn det Oljefondet gjer, ifølgje Fremtiden i våre hender.

Nye retningslinjer for Oljefondet

- Det å drive aktiv påverknad er viktig, men dersom du ikkje har høve til å trekkje deg ut av selskapet etterpå, blir det mykje skrik og ikkje noko særleg handling, seier Arild Hermstad.

- Vi er jo ekstremt langsiktige investorar med vårt pensjonsfond, sa finansminister Kristin Halvorsen i fjor då ho inviterte til høyring om dei nye etiske retningslinjene for Oljefondet.

Dei nye retningslinjene kjem truleg i slutten av mars, men kva regjeringa vil gjere med klimaverstingane er enno uvisst. Framtiden i våre hender håper dei nye retningslinjene gjer at etikkrådet i framtida kan kaste ut klimaverstingane.

Ikkje berre pengar

- Vi meiner jo at avkastning ikkje berre handlar om pengar. Avkastning handlar også om kva klima vi gir vidare til etterkommarane våre, seier Arild Hermstad.

Miljøstiftinga Bellona meiner fondet uansett må endre kurs framover, og investere meir i fornybar energi.

- Ein kan ikkje påverke energiselskap som har forureinsande energiproduksjon som kjerneverksemd til å gjere noko anna ved å ha ein bitteliten eigarandel. Derimot kan ein påverke ved å investere i selskap som representerer framtidige løysingar, men kanskje manglar kapital for å løfte seg opp på eit industrielt nivå, seier nestleiar i Bellona, Marius Holm.

Desse selskapa står på "Climate Watch List" frå investorgruppa Ceres:

  • Exxon Mobil
    Oljeselskapet har ifølgje Ceres ignorert krav frå aksjonærar om å bli meir opne og jobbe for å utvikle meir fornybar energi. Oljefondet har investert 7854 mill kroner i Exxon.
  • Chevron
    Dette oljeselskapet er lite opne om investeringane sine i tjæresand i Canada, og om korleis nye klimareglar vil påverke lønsemda, ifølgje Ceres. Oljefondet har plassert 1493 mill kroner i Chevron, ifølgje Fremtiden i våre hender (FiVH).
  • Canadian Natural Resources Ltd.
    Dette selskapet driv det stort innan tjæresand, men nektar å møte aksjonærane sine for å diskutere klimakutt, og dei har heller ikkje gjort investeringar i fornybar energi, ifølgje Ceres. Oljefondet har investert 677 mill. kroner i Canadian, ifølgje Fremtiden i våre hender.
  • Consol Energy.
    Kolselskap. Ein del av aksjonærane her har bede om ein rapport om korleis selskapet vil takle eventuelle nye klimakrav. Oljefondet har 448 mill kroner investert her.
  • Southern Company.
    Den største elprodusenten i USA nektar å setje seg mål for å redusere klimautsleppa sine, som årleg er på meir enn tre gonger dei totale utsleppa i heile Noreg. Oljefondet har investert 437 mill. kroner i dette selskapet, ifølgje FiVH.
  • General Motors.
    Bilprodusenten skal ha motarbeidd nye utsleppskrav for bilar i California, og krav om å bli meir opne. Oljefondet er inne med 198 mill kroner, ifølgje FiVH.
  • Ultra Petroleum.
    Dette oljeselskapet i Houston nektar å leggje fram ein klimastrategi sjølv om mange aksjonærar ynskjer det, skriv Ceres. Oljefondet er inne med 186 mill. kroner i dette selskapet.
  • Massey Energy. Kolselskap
    Ein tredel av aksjonærane bad selskapet om å utvikle ein klimastrategi, men selskapet nektar framleis. Oljefondet er inne med 76 mill. kroner.
  • Standard Pacific.
    Andre byggefirma er opne om sine klimastrategiar, men det gjeld ikkje dette firmaet, ifølgje Ceres. Oljefondet har investert 1 mill. kroner her.
  • Til saman har Oljefondet (Statens Pensjonsfond - Utland) 11.370 mill. kroner i desse selskapa.