Hopp til innhold

SAS: Ikkje rutekutt i Noreg

Det er ingen planar om å fjerne flyruter i Noreg som følgje av det gigantiske SAS-underskotet.

Ola H. Strand

Adm. direktør i SAS Norge, Ola Strand.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

SAS må kutte kraftig etter at selskapet i dag presenterte eit underskot på 5,3 milliardar kroner for 2008.

Innanriks

Men rutenettet i Noreg blir ikkje endra som følgje av dette. Innanrikstrafikken i Noreg vil i hovudsak halde fram slik vi kjenner tilbodet i dag, seier administrerande direktør Ola H. Strand i SAS Norge.

- Frå i fjor sommar og fram til sommaren 2009 tek vi ut åtte fly av trafikk, seier informasjonssjef Knut Morten Johansen i SAS Norge til NRK.

LES: - Staten må sikre SAS-jobber
LES: - Ansatte på Gardermoen må gå

- Denne prosessen er allereie i gang. Dette har ført til færre avgangar på nokre ruter, mellom anna til Alta og Kirkenes. I tillegg har vi kutta ut nokre ruter til ulike feriedestinasjonar, som Oslo-Bristol og Oslo-Madeira, sier Johansen.

Video nsps_upload_2009_2_3_16_57_15_918.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

NETT-TV: Gir 800 millioner til SAS

- Det kan sjølvsagt bli reduksjonar som følgje av at færre reiser med fly, men dette har ikkje noko med dei nye planane for SAS-konsernet å gjere, forsikrar Johansen.

SAS Norge i pluss

SAS Norge var det einaste av dei nasjonale SAS-selskapa som gjekk i pluss i fjor. Driftsresultat for 2008 var på 142 millionar svenske kroner, mot 1038 millionar året før. Driftsinntektene var på 14,2 milliardar svenske kroner (13,4 milliardar i 2007).

LES: Støttar ny SAS-strategi
LES: To sjefer forlater SAS


SAS har ruter til 58 reisemål, 15 av dei i Noreg. Selskapet frakta 10,4 millionar passasjerar i fjor.