Hopp til innhold

Ber regjeringa om skattekreditt

Norsk Industri ber regjeringa innføre skattekreditt til bedriftene for å hjelpe dei ut av låneknipa.

Knut Sunde
Foto: NRK / NRK

- Vi meiner skattelova dei neste to åra må bli endra slik at ein kan få tilbake tidlegare innbetalt skatt, seier bransjedirektør Knut Sunde i Norsk Industri.

Les også: Industrien ventar krisetider.

Ei av fem bedrifter melder i ei fersk industriteljing om kredittproblem. No hevdar Sunde å ha kome fram til løysinga som både bedriftene, dei tilsette og samfunnet vinn på:

At skattepengane blir gitt tilbake medan finanskrisa trugar industrien.

Video: Store forventninger til krisepakken.

Video nsps_upload_2009_1_23_7_42_32_1.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Enkelt forslag

Sunde ser for seg at staten lempar på skatten i ein periode på tre år.

- Vi ønskjer å skyve på skatten slik at verksemdene får penger no som likviditeten er dårleg og pengane dyre. Dette er eit enkelt forslag som regjeringa bør kome med 26. januar. Viss ikkje vil arbeidsløysa vekse til høgder vi ikkje har sett tidlegare.

- Vil nesten ikkje koste noko

Skatten skal betalast tilbake når finanskrisa er over, tenkjer bransjedirektøren.

- Dett er ei teknisk sak som ikkje har negative fordelingseffektar. Det vil nesten ikkje koste noko. Det handlar berre om å skyve på pengar mellom nokre år.

Finanskrisa aukar risikoen for at mange selskap får store underskot i 2009 og 2010. Nokre vil også gå i minus frå fjoråret og bli nøydde til å innskrenke verksemda.

Video: - Det vil komme en endring i Statsbudsjettet.

Video nsps_upload_2009_1_23_7_57_2_2.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.