Hopp til innhold

Bøndene krev 3,3 milliardar

Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag krev 3,3 milliardar kroner i årets jordbruksoppgjer. Bruttoinntekta til bøndene stig med 57.500 kroner per årsverk dersom kravet blir innfridd.

Pløying
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Kravet er 3 gonger så mykje som bøndene fekk i oppgjeret i fjor, og vil auke matvareprisane med vel 1,8 milliardar kroner.

Dyrare mat

Matutgiftene for ein gjennomsnittsfamilie på fire personar vil auke med mellom 2000 og 2500 kroner i året.

- Dette må til for å tette igjen litt av inntektsgapet samanlikna med andre grupper i samfunnet, seier leiar i Bondelaget, Bjarte A. Undheim.

Leiar i Småbrukarlaget Ole-Anton Teigen meiner at kravet ikkje er høgt.

Satsar på storfe og sau

Kravet er sett saman av 1,825 milliardar kroner i form av prisaukingar og 1,475 milliardar kroner i form av auka overføringar.

Organisasjonane har lagt særleg vekt på å prioritere produksjonen av storfekjøt og sau. Forhandlingane skal vere avslutta innan 16. mai.

I jordbruksoppgjeret i fjor fekk bøndene 975 millionar kroner etter å ha kravd 2,1 milliardar kroner.

NETT-TV: Det er venta vanskelege forhandlingar