Hopp til innhold

India-børsen stengde handelen

Børsane i Asia fall kraftig i samband med opninga i dag. I India var det så dramatisk at børsen i Mumbai stoppa handelen.

Børs
Foto: Wally Santana / AP

Aksjekursane lyste illraudt i Mumbai allereie ved opninga av børsen. Handelen vart stoppa i ein time då det viste seg at indeksen gjekk tilbake med nesten 10 prosent. Meklarar og marknaden måtte få tid til å kjøle seg ned.

Kraftige tilbakeslag

I Japan kunngjorde sentralbanken at dei ikkje hevar den svært låge renta i landet. Likevel fall Nikkei-indeksen på børsen i Tokyo kraftig og illevarslande. Då børsen stengde hadde indeksen gått tilbake med 5,7 prosent.

Børsen i Malaysia, Filipinane, Taiwan og Sør-Korea går også kraftig attende.

Økonomien i Kina har til no vore lite påverka av uroa på børsen i resten av verda, men i dag tidleg fall kursane. I Hong Kong gjekk indeksen ned med åtte prosent. Børsen i Singapore hadde ein vekst på heile 96 prosent i fjor. I dag fekk børsen eit kraftig tilbakeslag.

Trur på vekst

Det er ingen lyspunkt på børsane i Asia i dag. Mange økonomar meiner at det ikkje er nokon krise i denne verdsdelen. Dei hevdar det berre ein mellombels situasjon prega av nervøsitet.

Ekspertane meiner at asiatisk økonomi er sterk nok til å tåle eit tilbakeslag i amerikansk økonomi. Ekspertane trur på rundt 10 prosent vekst i India og Kina i år.

Australia merkar også den økonomisk uroa. Tilbakegangen på Sidney-børsen er den lengste på 26 år.

Det er knyta stor spenning til korleis den amerikanske børsen reagerer når den opnar i dag.