Hopp til innhold

Vil gi høgare løn til eldre lærarer

Partiet Høgre foreslår økonomiske bonusar for å få eldre realfagslærarar til å stå lenger i jobben.

Lærer, skole, matematikk
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Forholda for dei eldre lærarane er nemleg lagt dårleg til rette, og mange sluttar for tidleg, viser tal frå utdanningsforbundet.

No foreslår Høgre i sitt alternative statsbudsjett å bruke 30 millionar kroner på seniortiltak for realfagslærarane over 55 år.

Utdanningspolitisk talskvinne i Høgre, Ine Marie Eriksen Søreide, seier at alle pengene skal gå direkte til lærarane for å sikre at kompetansen blir i skulen så lenge som mogleg.

- Alle 30 millionane skal gå direkte til lærarane gjennom bonus eller ulike former for arbeidstidsordningar, seier Søreide til NRK.

- Akutt mangel på lærarer

Skuleverket kan risikere å stå igjen med ein akutt mangel på lærarar i kjemi, fysikk og matte.

Det gjør at leiaren i Norsk Lektorlag, Gro Elisabeth Paulsen, ikkje stiller seg negativ til Høgre sitt forslag. Samstundes understreker ho at dette ikkje er nok.

- Det er ein god start, og viser at ein tek dette problemet på alvor, seier Paulsen.

No håpar Høgre å få regjeringspartia med på forslaget.