Hopp til innhold

Sverige vil forby anonyme gåver

I Sverige vil eit nytt lovframlegg gjera det ulovleg å gje pengar anonymt til veldedige føremål. Grunnen er at EU vil setja ein stoppar for pengevasking og terrorfinasiering.

Penger
Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Sverige har valt å ikkje reservera seg eller ta til motmæle mot framlegget frå EU.

 

– Slike transaksjonar kan misbrukast, seier Johan Fallenius i det svenske finansdepartementet.

Organisasjonane er skeptiske

Den svenske raudekrossen er kritisk til framlegget og trur ikkje at organisasjonane vert brukte til kvitvasking av pengar eller til å finansiera terrorverksemd.

Kommunikasjonssjefen seier til Sveriges Televisjon at det truleg er svært sjeldan at pengar kjem i feil hender i organisasjonane.