Hopp til innhold

Røkke må svare om Guantanamo

Kjell Inge Røkke må forsvare seg for politiet om Aker Kværner sitt engasjement på den amerikanske Guantanamo-basen på Cuba.

Kjell Inge Røkke
Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

Riksadvokaten si avgjerd om å kalle inn Røkke inneber også ein klar smekk over fingrane til Oslo-politiet og statsadvokaten i Oslo, som la bort saka utan etterforsking, skriv bt.no.

Det var Oslo-politikaren Ivar Johansen (SV) som melde Aker Kværner til riksadvokaten i mars i år. Dette skjedde etter at han hadde sett Erling Borgen sin dokumentarfilm "Et lite stykke Norge".

Fimen tek blant anna opp Aker Kværner sitt engasjement på den omstridde basen, der USA har internert mange såkalla "framande krigarar", som amerikanske styresmakter kallar dei. Dei har ikkje status som krigsfangar.

Ivar Johansen meiner at Aker Kværner har medverka til brot på menneskerettane gjennom arbeidet sitt på basen.

Også Amnesty i Noreg har kome med kraftig kritikk av Aker Kværner for engasjementet på Guantanamo. Organisasjonen har dokumentert brot på menneskerettane på basen.

Aker kværner har medverka til bygging av leiren, samt ansvaret for straum- og vassforsyning pluss vedlikehald av cellene.