Hopp til innhold

Noreg gjeninnfører grensekontroll

Noreg gjeninnfører grensekontrollen langs grensa til Schengen i perioden 3.–12. desember for å hindre eventuelle uromoment å kome til landet før utdelinga av Nobels fredspris.

Grenseovergang ved Berby i Halden

Det blir innført grensekontroll igjen i perioden 3.–12. desember.

Foto: Rainer Prang / NRK

Ingen får kome inn i landet utan eit gyldig pass, og alle som har tenkt seg til landet må rekne med å bli sjekka på grenseovergangane, opplyser Politiet i ei pressemelding.

Sikre ro og orden

Føremålet er å sikre den offentlege orden og den indre tryggleiken, inkludert å førebyggje innreise av potensielt valdelege aktørar i samband med fredsprisutdelinga, heiter det.

Reisande må vere førebudde på å bli kontrollerte i passkontroll ved alle reiser inn og ut av Noreg.

Seniorrådgjevar Ellen Ahnfelt i Politidirektoratet seier til NRK.no at avgjerda er teken etter ei trusselvurdering. Det vart også innført grensekontroll då USAs president Barack Obama fekk fredsprisen i 2009.

Må vise pass

Det betyr, seier ho, at alle som reiser inn til Noreg, både med fly, tog, ferje, buss og personbil, kan bli bedne om å vise pass, også ved reiser i Skandinavia. Det er ikkje snakk om å setje inn ekstra politistyrkar ved grenseovergangane, kan ho fortelje.

Informasjonen om grensekontroll går ut til alle land i Schengen-samarbeidet, slik at det enkelte landet har ansvar for å informere sine borgarar om tiltaket. Det at enkelte land innfører grensekontroll skjer relativt ofte, fortel Ahnfelt, blant anna ved større sportsarrangementet.

AKTUELT NÅ