Hopp til innhold

Hjarteoperasjonar stoppa i siste liten – pasientar krev svar

Ein operasjonsklar pasient blei vekt frå narkose og måtte vente ei veke på operasjon, og døydde. No krev hjartepasientar eit møte med leiinga ved Oslo Universitetssjukehus.

Lungespesialister - illustrasjonsfoto

FLYTTA OPERASJONAR: Hjarte- og lungepasientar krev forsikring på at dødsfall etter flytting av pasientoperasjonar ikkje gjentek seg. Illustrasjonsfoto.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– Slik kan vi ikkje ha det, seier Frode Jaren, generalsekretær i Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke.

Han er skaka over historia over kva som skjedde med 65-åringen som låg klar til operasjon ved Ullevål.

LES SAKA HER: Stoppa operasjon – flytta pasient

Måtte vente ei veke – døydde

Ullevål Sjukehus

FLYTTA: Pasienten blei flytta frå Ullevål sjukehus (biletet) til Rikshospitalet, der han døydde etter den forseinka operasjonen.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

65-åringen blei lagt i narkose og den erfarne kirurgen var klar. Men avdelingsleiinga stoppa operasjonen.

Etter nye retningslinjer for Oslo Universitetssjukehus skulle mannen til Rikshospitalet. Men for å bli operert der, måtte han vente ei veke.

Dagen etter operasjonen døydde han. Familien reagerer sterkt på utsetjinga, og sjølv om helsetilsynet seier dei ikkje går vidare med saka, har familien bede pasientombodet sjå på saka.

Krev ei forklaring

Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke krev no ei forklaring frå sjukehusdirektøren, og har sendt eit brev om dette til administrerande direktør ved Oslo Universitetssjukehus, Bjørn Erikstein.

– Vi vil få ei forsikring på at dei tek dette på alvor, og at dei har kontroll på dei vesentlege prosessane på sjukehuset slik at dette ikkje gjentek seg, seier generalsekretær Frode Jaren.

LES OGSÅ: Varsler om ti dødsfall ved OUS

I den store fusjonsprosessen der sjukehusa har blitt til Oslo universitetssykehus (OUS), er fordeling av pasientar og arbeidsoppgåver eitt av dei store konfliktområda.

Leiar for Hjarte- og lungeklinikken ved Oslo universitetssjukehus, Otto Smiseth, seier målet var å få 65-åringen til den beste staden for operasjon, men at det hadde vore ideelt å sende han direkte til Rikshospitalet.

–Det ideelle hadde vore å føresjå det heile

Otto Smiseth, klinikksjef ved hjarte- lunge og karklinikken på OUS

IKKJE IDEELT: Klinikksjef Otto Smiseth ved hjarte- og lungeklinikken seier det hadde vore ideelt å sende pasienten til Rikshospitalet med ein gong.

Foto: Ketil Kern / NRK

– Når det gjeld denne konkrete saka, var målet å bringe pasienten til operasjon der pasienten blei best i varetatt, og det var på Rikshospitalet, seier Smiseth, og innrømmer at flyttinga skjedde for seint.

– Mannen blei planlagt operert på Ullevål, og blei tatt ut av narkose fordi ein blei i tvil i siste runde, seier han og held fram:

– Det er klart det ideelle hadde vore om ein kunne føresjå det heile, og tvilen hadde komme i ei tidleg fase og at pasiente kunne bli flytta til Rikshospitalet tidlegare.

Ikkje eineståande

I tillegg til 65-åringen har det vore to andre liknande tilfelle ved Oslo universitetssjukehus.

LES OGSÅ: Satte pasienter i fare
LES OGSÅ: Fikk ros av 22. juli-kommisjonen - snur om traumeflytting

I eit anna tilfelle var eit team på Ullevål klar til å operere ei eldre kvinne. Også ho vart sendt vidare, men måtte vente i halvanna døgn på operasjon på Rikshospitalet. Dette trass i at ho trong straks hjelp – og Ullevål kunne ta operasjonane umiddelbart.

Også kvinna døydde kort tid etter operasjonen på Rikshospitalet.

I eit tredje tilfelle har Ullevål hatt kapasitet til å operere ein hjartepasient som er blitt flytta over til Rikshospitalet for å vente på operasjon.

– Dette er svært sjuke pasientar

Frode Jaren i Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke seier det er kritisk for desse pasientane å få rett behandling til rett tid.

– Ein må vite kvar folk skal opererast før ein legg dei i narkose og er klare til å starte opp. Dette er kritiske og svært sjuke pasientar som må behandlast annleis, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger