Hopp til innhold

Bebuarar evakuerte etter steinras

Det gjekk i natt eit steinras ved fylkesveg 120 i Gjerdrum kommune i Akershus. Bebuarar i to hus er evakuerte og det kan vera fare for nye ras.

Steinraset var rundt 100 meter langt og 20 meter breitt, og gjekk heilt sør mot Skedsmokorset i Gjerdrum kommune i Akershus. Ingen personar blei skadde i raset.

Ein geolog som har undersøkt området i natt, seier det kan koma nye ras. Fleire geologar skal undersøkja området når det blir lyst, opplyser Romerike politidistrikt.

Tre hus er i faresona. Det var totalt fire personar i to av desse husa då raset gjekk, og dei er evakuerte.

Fylkesveg 120 er no fysisk stengt ved rasstaden ved Åsenhagen i sør og ved avkøyring Frogner i nord. Det er skilta omkøyring frå Ask via Kløfta, skriv politiet på Twitter.

AKTUELT NÅ