Hopp til innhold

Vil følgja Island og forby røyking rundt born

Noreg må følgja etter islendingane og gje born ein lovfesta rett til ein oppvekst utan passiv røyking, meiner Røykfritt Miljø Norge. Regjeringa vurderer no eit slikt forslag.

Et barn i røykeområde

Om lag 100.000 norske born blir dagleg offer for passiv røyking i heimane sine. Røykfritt Miljø Norge meiner eit lovforbod må til for at folk skal forstå alvoret.

Foto: FrÈdÈric Cirou / Frederic Cirou / PhotoAlto

Om lag 100.000 norske born blir utsette for passiv røyking heime kvar dag. Årsaka er det framleis er mange nordmenn, 700.000, som røykjer dagleg.

Island har for lengst gitt sine born ein lovfesta rett til eit liv utan røyk. Organisasjonen Røykfritt Miljø Norge krev at norske styresmakter følgjer etter.

– Norske politikarar må innføra eit lovforbod mot å utsetja born for passiv røyking. Eitkvart menneske bør vera samd i at det ikkje er riktig å skada eit barn på nokon måte, heller ikkje ved å blåsa skadeleg røyk på det, seier Åslaug Kåsin, talsperson for Røykfritt Miljø Norge.

Bør det bli ulovleg å røykja i nærleiken av born? Sei di meining i kommentarfeltet nederst!

Ti år med forbod på Island

Eit forslag til ei slik lov er no oppe til vurdering i Noreg.

I ein paragraf i forslaget til ny tobakksskadelov heiter det at «Barn har rett til et røykfritt miljø. Den som er ansvarlig for barn skal medvirke til at denne retten blir oppfylt».

Dette lovforslaget liknar lova som blei innført på Island i 2002. For ti år sidan slo islendingane fast at alle menneske har rett til å sleppa å pusta inn luft som er forureina av andre sin tobakksrøyk. Denne retten gjeld også for born - sjølv på stader der røyking er tillate.

Lova på island er ein slags føremålsparagraf, ettersom islendingane ikkje har innført straffansvar for eventuelle lovbrot.

Ei eventuell føresegn mot røyking rundt born i Noreg vil også bli av den normative arten.

Kåsin i Røykfritt Miljø Norge ser utfordringane med å skulle straffeforfølgja alle som røykjer i nærleiken av born, som til dømes i sine eigne heimar.

– Men eit forbod ved lov ville ha sett meir fokus på problemet. Eg trur ein god del av røykarane ville ha teke meir omsyn dersom me fekk dette svart på kvitt, seier ho.

Frp: – Eit forbod blir for drygt

Kari Kjønaas Kjos (Frp)

Helsepolitikar Kari Kjønaas Kjos (Frp) meiner Noreg er så godt som i mål med arbeidet mot passiv røyking.

Foto: Frp

Islendingane sin peikefing kan også sjå ut til å ha verka. Sidan forbodet kom for ti år sidan, har talet på born som har vorte utsett for passiv røyking vorte redusert frå 31 til ti prosent.

Det er europeisk rekord, ifølgje Danmarks lungeforening, som er ein av pådrivarane for å få innført den islandske modellen i Danmark.

Framstegsparti-politikar og medlem i Helse- og omsorgskomiteen, Kari Kjønaas Kjos, meiner likevel at ei lov mot røyking rundt born vil vera å gå for langt.

– Det blir for drygt. Politiet kan ikkje «ta» alle som utset andre for passiv røyking. Me må ha lovar som det er mogleg å etterleva og forfølgja. Eg ser ikkje poenget med å innføra ei lov når lovbrytarar ikkje vil bli straffa, seier ho.

– Røykarane er omsynsfulle

Kjos meiner Noreg har kome langt, og at sigarett-glade nordmenn er flinke til å skjerma andre frå passiv røyking:

– Røykarane tek utruleg mykje omsyn. Det er blitt ein del av kvardagen at ein ikkje røykjer i nærleiken av born. I min oppvekst røykte folk meg i andleter uansett kor eg var. Nesten ingen tenner opp sigaretten i eigne heimar og bilar lenger. Eg hadde ikkje trudd at haldningane ville endra seg så mykje på så kort tid.

Men framleis blir 100.000 born utsette for røyking i heimen kvar dag, bør ein ikkje ha ein nullvisjon?

– Det er ikkje akseptabelt, men eg trur ikkje ei lov vil endra på situasjonen. Ein nullvisjon trur eg er overambisiøst. Me har aldri nådd nullvisjonane for mobbing og dødsulukker i trafikken. Nokre vil alltid bli utsett for passiv røyking, men me kjem langt med kunnskap og haldningskampanjar, svarar Kjos.

Ap vil ha nullvisjon

Jorodd Asphjell

Jorodd Asphjell sit i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget for Ap. Han helsar eit forbod mot røyking i nærleiken av born velkomen.

Foto: Stortingsarkivet/Scanpix

Dette er Arbeidarpartiet på langt nær einige i.

– Me bør ha ein nullvisjon for born som blir utsette for passiv røyking. Me har jo også ein veldig offensiv visjon om eit røykfritt Noreg innan 2040, seier Jorodd Asphjell (Ap), som sit i Helse- og omsorgskomiteen saman med Kjos.

Asphjell har tru på at ei lov vil gjera nordmenn meir medvitne på å skjerma born for passiv røyking, sjølv om lovbrytarar ikkje risikerer straff.

– Det er viktig å få inn ei slik føresegn for å verna om borna si helse. Eg meiner dessutan at ein normativ lovparagraf vil kunne ha ein preventiv verknad. Eksponering for røyk i barndomen aukar risikoen for tidleg røykestart, som aukar faren for avhengigheit og alvorlege helseskadar, argumenterer Asphjell.

Tenner røyken

Forslaget til ny tobakkskadelov inneheld ei rekkje innskrenkingar på tilgangen til tobakksvarer.

Foto: Varfjell, Fredrik / Scanpix

Ap-representanten står også langt ifrå Frp-politikar Kjos i synet på måloppnåing per i dag, når det gjeld å hindra helseskadar som følgje av passiv røyking.

– Me har kome langt, men me har framleis ein lang veg igjen å gå, meiner Ap-representanten.

Forslaget til ny tobakkskadelov var ute på høyring i vår. No er høyringssvara oppe til og handsaming og vurdering i Helse- og omsorgsdepartementet og i Helsedirektoratet.

Forslaget inneheld ei rekkje tiltak for å styrkja vernet mot passiv røyking, hindra at born har tilgang til tobakksvarer, og for å gjera fleire arenaer røykfrie.

AKTUELT NÅ