Hopp til innhold

Mistanke om drap i Oslo

Ein person blei funnen død i Falsensgate på Dælenenga i Oslo fredag kveld. Ein mann er arrestert og sikta for forsettleg drap, opplyser politiet.

Drapsetterforsking i Falsensgate i Oslo.

Det er i denne bustadblokka i Falsensgate at politiet etterforskar eit mogleg drap.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Operasjonsleiar Sven-Martin Ege ved Oslo politikammer opplyser til NRK at dei fekk melding om at det var ein død person i eit husvære i Falsensgate kl. 18.59.

Innsatsleiar i Oslo-politiet Rune Bjørsvik.

Innsatsleiar Rune Bjørsvik leier etterforskinga på åstaden i Falsensgate.

Foto: Gunn Evy Austad / NRK

Politiet rykte ut, og der vart dei møtt av personen som melde frå om dødsfallet.

Mistanke om drap

– Vedkomande er no i politiet si varetekt. Han hadde nøklar til husværet, og der inne fann politiet altså ein død mann. Det var grunn til mistanke om at det hadde skjedd eit drap, seier operasjonsleiaren.

Det er uklart kva relasjon det er mellom den arresterte mannen og avdøde.

Politiet driv no med teknisk og taktisk etterforsking på staden, og dei vil ikkje gi ytterlegare opplysningar om det som har skjedd. Det er kalla inn til ein pressekonferanse søndag føremiddag.

Pågripen utan dramatikk

Innsatsleiar Rune Bjørsvik seier til NRK at den arresterte mannen er teken til politihuset, der han vil bli avhøyrt.

Han fortel at pågripinga av mannen skjedde utan dramatikk.

Han seier at mannen er middelaldrande, men han kan ikkje seie noko om korkje alder eller kjønn på den døde personen.

Politiet held ei pressekonferanse kl. 12 søndag.

Kveldsbilete frå bustadblokka der det mistenkjelege dødsfallet fann stad. Falsensgate 27.

VIDEO: Drapsetterforsking i Oslo

Drapsetterforsking i Falsensgate i Oslo.

Politiet etterforskar eit mistenkjeleg dødsfall i Falsensgate i Oslo.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

AKTUELT NÅ