Hopp til innhold

Senterpartiet ville frede pelsbransjen – fekk ikkje lov

Senterpartiet hadde utkastet klart. Regjeringa skulle garantere ei framtid for pelsdyrbransjen. Det kunne ikkje SV og Ap leve med.

Landbruksminister Lars Peder Brekk

Tidlegare landbruksminsiter Lars Peder Brekk foreslo det som var Senterpartiets politikk.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Det var før framlegginga av Landbruksmeldinga i fjor haust at regjeringsstriden sto. I utkastet til stortingsmeldinga hadde det Sp-styrte landbruksdepartementet lagt inn fleire formuleringar som omtalte pelsdyrbransjen i positive ordelag.

For trass i mediestøy og skarp kritikk mot næringa i 2009 og 2010, ønskte Sp å verne om bransjen.

Utviklinga av ei bransjestyrt sertifiseringsordning vart drege fram som ein positiv faktor i eit utkast til stortingsmeldinga.

Teksten skulle «beskrive med tanke på å bevare bransjen», får NRK vite frå ulike politiske kjelder. I realiteten ville teksten medført at pelsdyrnæringa vart freda av regjeringa.

– Forslaget frå Landbruksdepartementet reflekterte Senterpartiets syn, nemlig at vi fortsatt skal ha ei pelsdyrnæring i Noreg, seier tidlegare landbruksminsiter Lars Peder Brekk (Sp) til NRK.

Les: – Et hån mot dyrenes behov
Les:
Spillet om pelsdyrnæringen
Les også: Sp-statsråd freder pelsdyrnæringen

Frykta at saka skulle stele merksemda

Men ein slik tekst var uakseptabel for regjeringspartiet SV, som har partivedtak om å avvikle pelsdyrhald i Noreg. SVs motforslag var på si side ikkje til å leve med for Senterpartiet.

– Dei ulike programformuleringane var reflekterte i diskusjonane, seier Brekk, som også viser til at partia har ulik oppfatning av kva som er dyrevelferd, kva som er omfanget av skadar i bransjen og betydninga av næringa.

Ein stad mellom Sp og SV stod Arbeidarpartiet. Ap vedtok våren 2011 å avvikle norsk pelsdyrnæring. Men landsmøtet var nesten delt på midten, og fleire sentrale Ap-politikarar er langt meir positive til næringa enn SV er.

Likevel: Ap sto på landsmøtevedtaket, og kunne heller ikkje godta ei stortingsmelding som garanterte for framtida til pelsdyrnæringa.

Med så ulike ståstader vart det klart for dei tre regjeringspartia at det ville ta lang tid å kome fram til eit kompromiss om den omstridde næringa.

Leiinga i Landbruksdepartementet ville ikkje utsetje stortingsmeldinga lenger, og Senterpartiet frykta dessutan at pelsdyrsaka ville stele heile merksemda frå landbruksdebatten dersom det kom ei avklaring om saka i stortingsmeldinga.

Les: Dette vil Arbeiderpartiet forby
Les: SV vil avlive pelsdyrnæringen
Les: Trine Skei Grande: Pelsnæringen bør avvikles

Samde om utsetjing

Dermed vart avgjerda til slutt ganske enkel for dei tre regjeringspartia. Dei vart einige om at å utsetje diskusjonen var ei god løysing for alle tre.

– Det vart ganske enkelt å seie at vi måtte jobbe vidare med denne problemstillinga, seier Brekk.

Det som til slutt sto igjen om pelsdyr i landbruksmeldinga er dette korte avsnittet:

«Virksomheten i pelsdyrnæringen er omstridt i Norge. Regjeringen vil foreta en egen gjennomgang av pelsdyrnæringen og vil komme tilbake til Stortinget om saken.»

Etter det NRK får opplyst er Landbruksdepartementet no i ferd med å hente inn fakta rundt pelsdyrnæringa som skal danne eit kunnskapsgrunnlag for regjeringa når ho skal ta stilling til framtida til norsk pelsdyrnæring.

Departementet ser mellom anna på kva som kan vere moglege omstillingsordningar dersom pelsdyrbønder må avvikle.

Avklaringa kan kome før sommaren 2013. Dersom Sp, SV og Ap klarer å bli einige vel å merke.

Les: Lar pelsdyrnæringen leve
Les: Uaktuelt å avvikle pelsdyrnæringen

AKTUELT NÅ