Hopp til innhold

Vil ha tilbake «sinnssjuk»-omgrepet

Fleire ekspertar innan psykiatri tek til orde for å skrota «psykose» og gjeninnføra det gamle omgrepet «sinnssjuk» i Straffelova etter 22. juli-rettssaka.

Randi Rosenquist

Psykiater Randi Rosenquist meiner det var feil å fjerna omgrepet «sinnsjuk» frå Straffelova i 2002.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Fram til for ti år sidan var det omgrepet «sinnsjuk» som blei nytta i norsk straffelov for å definera lovbrytarar som var utilreknelege på gjerningstidspunktet og følgjeleg ikkje kan straffast.

Nestor i psykiatri, Randi Rosenquist, meiner det var eit stort feilsteg å fjerna ordet sinnssjuk i tilreknelegheits-paragrafen.

– Omgrepet psykose er for snevert, det er behov for å differensiera meir. Eg vil gjerne ha eit absolutt omgrep, og tek gjerne inn omgrepet «sinnssjukdom» att, seier psykiateren.

Semje om for dårlege kriterium

Asbjørn Restan og Mette Yvonne Larsen

Den erfarne rettspsykiateren Asbjørn Restan vil gjerne ha tilbake omgrepet 'sinnsjuk' i tilreknelegheits-paragrafen. Forsvarar Mette Yvonne Larsen meiner det er ein dårleg idé.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRk

Ho får støtte frå ein annan erfaren rettspsykiater, Asbjørn Restan.

– Å ta tilbake «sinnssjukdom» ville gjort mange ting mykje klarare for mange, seier han.

Forsvarar og bistandsadvokat i 22. juli-saka, Mette Yvonne Larsen, meiner derimot at det er ein dårleg idé å skru tida ti år tilbake.

– Eg vil ikkje ha inn att omgrepet «sinnsjuk», det ville vore ein nedtur. Men psykoseomgrepet må gjerast tydelegare, seier Larsen.

I kjølvatnet av 22. juli-rettssaka skal Justis- og beredskapsminister Grete Faremo setja saman eit utval til å sjå rettspsykiatrien si rolle i Noreg, og på kriteria for tilreknelegheit.

Rosenquist, Restan og ei rekkje andre fagfolk innan psykiatri, psykologi, jus og filosofi var onsdag ettermiddag samla ved Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo. «Er det noko gale med kriteria for tilreknelegheit?», var spørsmålet som var gjenstand for debatt.

– Ja, var svaret frå mangen av debattantane. Fleire fagfolk ønskjer no å henta tilbake igjen «sinnsjuk», som blei kasta på historiens skraphaug då tilreknelegheits-paragrafen i Straffelova blei modernisert i 2002.

Asberger og autisme

Fagelg debatt om tilreknelegheit

Fagfolk innan psykiatri, psykologi, filosofi og jus var onsdag ettermiddag samla for å diskutera tilreknelegheit ved Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Før slo paragraf 44 fast at «En handling er ikke straffbar, når gjerningsmannen ved dens foretakelse var sinnssyk eller bevisstløs».

I ny språkdrakt heiter det derimot at «Den som på handlingstiden var psykotisk eller bevisstløs straffes ikke. Det samme gjelder den som på handlingstiden var psykisk utviklingshemmet i høy grad».

Men det moderne psykoseomgrepet famnar ikkje vidt nok, slik Rosenquist ser det.

Det gamle omgrepet er betre eigna til å definera ei rekkje psykiatriske tilstandar som bør kvalifisera til straffefritak, meiner Rosenquist:

– Per i dag er det einskilde som blir vurdert som tilreknelege som er svært sjuke og ikkje burde bli det. Samstundes blir personar med schizofreni-diagnose oppfatta som utilreknelege sjølv om dei har relativt få symptom.

Ifølgje Rosenquist bør lova opna for at til dømes lettare psykisk utviklingshemma med autistiske trekk og personar med Asberger-syndrom som er svært forstyrra, også bør kunne bli vurdert som utilreknelege og få behandling i staden for straff.

– Den som er «heilt gal» bør ikkje straffast

Rosenquist sat i Særreaksjonsutvalet som i 1990 kom med forslag til endringar i reglane for strafferettsleg utilreknelegheit.

– Hadde eg vore modig nok i 1990, ville eg ha formulert det som at «den som er heilt gal på handlingstida skal ikkje straffast». Straffefritak bør gjelda for alle som er så dårlege at dei utifrå eit moralsk/etisk synspunkt ikkje kan ha skuld, seier Rosenquist.

Også professor i filosofi Olav Gjelsvik sår tvil om «psykose» er eit godt nok omgrep.

– Reglane i dag er ikkje nøyaktige nok. Kan tilstanden der ein ikkje lenger veit kva ein gjer, vera ein annan enn psykose? spør filosofen.

Kven er dei utilreknelege?

Lova seier i dag at den som har så stor funksjonssvikt at ein blir vurdert som psykotisk, er utilrekneleg.

– Utilreknelegheit dreier seg om ein tilstand, men det er vanleg å feilkopla utilreknelegheit til diagnose, seier psykiater Rosenquist.

Riksadvokat Tor-Aksel Busch stiller også spørsmål ved om diagnostiske vurderingar blir for dominerande i spørsmålet om ein lovbrytar er tilrekneleg.

Han minnar om at det er domstolen og ikkje dei sakkunnige som har siste ordet:

– Kven er dei utilreknelege? Diagnosesystema er utforma for andre enn rettsvesenet, blir diagnoser då for dominerande ved avgjerda om ein kan straffa eller ikkje?

Riksadvokaten vil ikkje konkludera, men understrekar at dette er spørsmål som no er mogne for vurdering.

– Busch etterlyser utgreiingar, men det tek tid. Me må ha straks-tiltak også, kommenterer advokat Mette Yvonne Larsen

AKTUELT NÅ