Hopp til innhold

Vil opne 4G-nettet om få månader

Telenor vil lansere 4G-nettet sitt i løpet av hausten, tre år etter konkurrenten Netcom. Dei lovar betre kvalitet enn Netcom, men dårlegare dekning.

Bjørn Amundsen

Dekningsdirektør Bjørn Amundsen meiner at dei fleste nordmenn får det dei treng via 3G-nettet.

Foto: Johan Ante Utsi / NRK

Dei aller fleste som surfar på nettet med mobilen i Noreg i dag nyttar 3G. Men etter kvart som datamengda aukar, vil 3G for mange oppfattast som treigt. Difor er det fleire og fleire som ønskjer å over til 4G-nettet, som skal vere opptil 10 gonger raskare.

Netcom lanserte sitt 4G-nett allereie i desember 2009 for Oslo, og bygde dette kraftig ut i dei største byane i vinter. Men Telenor har framleis ikkje lansert nettet i Noreg, trass i at dei opna det i Sverige i fjor.

Lovar oppstart i år

Under fana «oppgradering» på infosidene til Telenor, står det framleis at 4G-nettet skal bli lansert i det første kvartalet i 2012. Men tida har gått, og det har vore heller stille frå Telenor om 4G-lanseringa.

No lovar dekningsdirektøren i Telenor, Bjørn Amundsen, at nettet skal bli lansert i løpet det siste halvåret i 2012.

– Me er heilt sikre på at lansering blir i år, seier Amundsen til NRK.no.

Han vil likevel ikkje gi nærmare informasjon om dato for lanseringa, eller om det vert i 3. eller 4. kvartal.

– Per i dag står det mellom to aktuelle datoar, og me vil opne i høve til planen. Det var ein periode me vurderte å gjere det i første halvår, men me fann ut at me ville halde fokuset på 3G-nettet.

4G-sender

4G-sendaren til Netcom i Stavanger vart montert i januar i år.

Foto: Jan Erlend Garshol

Amundsen fortel at dei har motteke relativt få kundeførespurnadar om 4G-nettet, og at det er forbetring av 3G-nettet folk er opptekne av.

– Kampen i 2012 har ikkje stått på 4G, men me har fått mykje press på 3G-dekninga. Forskjellen mellom 2G til 3G vil bli større enn mellom 3G og 4G.

Vil bli best på fartf

Telenor seier dei har eit mål å ha den beste 4G-dekninga – der dei har dekning.

– Me vil ha dekning i Stor-Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger/Sandnes. Netcom har opna fleire stadar enn dette, men me skal opplevast som det beste alternativet der me har nettet oppe, seier Amundsen.

Dekningsdirektøren seier vidare at han er glad for at departementet no endeleg har bestemt seg for å lyse ut det gamle bakkenettet for fjernsyn som var stengt for tre år sidan.

Frekvensen som dette nettet opererer på er ypparleg til lynrask datatrafikk over 4G-nettet. Telenor seier at dersom dei vinn konsesjonen for dette vil dei kunne byggje ut 4G til nær heile befolkninga i Noreg.

– Magnhild Meltveit Kleppa gjekk ut i eit høyringsnotat og sa at nettet vil nå 97 prosent av befolkninga, men me vil vere med på å byggje ut breibandsnettet til tilnærma heile Noreg, seier Amundsen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger