Hopp til innhold

– Det er godt å sjå at ting fungerar

I løpet av kort tid kom det nærare 150 politi- og redningsarbeidarar til storbrannen på Tøyen i Oslo i dag.

Fabian Stang og ambulanser

Nærare 70 helsemannskap var på staden etter storbrannen på Tøyen i dag. Fabian Stang er nøgd med at alt gjekk på skinner.

Foto: Øyvind Bye Skille / NTB Scanpix / NRK

– Eg må seie at dette står til ein karakter 10. Ikkje minst så fungerte samarbeidet med dei frivillige organisasjonane svært, svært bra, seier jourhavande ved ambulansetenesta i Oslo, Rune Gehrken.

Alle dei involverte partane er svært nøgd med korleis mobiliseringa av redningsmannskap var etter det kom melding om storbrann på Tøyen i Oslo i ettermiddag.

I løpet av kort tid var 35 ambulansar og andre helserelaterte kjørety kome til staden. Til saman var det nærare 70 helsearbeidarar på staden, frå ambulansetenesta, Raudekrossen og Norsk Folkehjelp.

(artikkelen held fram)

Brann på Tøyen

Storbrannen på Tøyen kunne bli sett over store delar av Oslo.

Foto: Kristine Bjørnstad

Ingen røykskadar

Grunnen til at så mange helsearbeidarar blei kalla til staden var at det var 92 bebuarar i blokka, der svært mange var eldre og skrøpelege. 38 av desse vart evakuert, og ingen av desse vart skada.

– Me tok høgde for at mange fleire måtte bli evakuert. Difor hadde me mykje ressursar tidleg for å få folk ut så fort som mogleg. Takka vere hurtig respons er det ingen som har kome på sjukehus for behandling for røykskadar.

Kjell Kjensli, operativ leder i Oslo brann- og redningsetat

37 brannmenn frå fire branndistrikt kom til staden, stadfestar operativ leiar Kjell Kjensli.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Ambulansetenesta oppretta eit operativt hovudkvarter ved Aker sjukehus, der dei to frivillige organisasjonane sørgja for mat, drikke og psykisk helsehjelp til dei evakuerte.

– Svært godt nøgd

Også brannvesenet er nøgd med korleis ting gjekk i dag.

– Me er svært godt nøgd. 38 evakuerte og ingen skadde, det reknar eg som svært bra, seier Kjell Kjensli, som er operativ leiar i Oslo Brann- og Redningsetat.

Dei hadde mannskap frå både Asker og Bærum, Follo og Nordre Romerike, og telte til saman 37 brannfolk fordelt på 15 brannbilar.

– Me hjelper kvarandre ofte. Det fungerte veldig bra, me fekk dei ressursane som var tilgjengelege. Dette har me trent på i mange år.

– Håpar dei har ei god kjensle

Fabian Stang

Oslo-ordførar Fabian Stang er nøgd med at alt gjekk på skinner i dag.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Oslo-ordførar Fabian Stang (H) seier til NRK.no at han er godt nøgd med korleis ting fungerte i byen i dag.

– Det er klart at ein brann er vår store skrekk alle saman, entan me er gode til beins eller dårlege til beins. Og når så mange eldre bebuarar trengte bistand ved evakuering så er det veldig godt å kjenne på at me har ei god beredskap.

– Trur du ting har blitt betre etter hendingar som 22. juli og evakueringa etter bombetrugselen ved den amerikanske ambassaden?

– Det har vore god beredskap i mange år, men det er jo godt å sjå at det fungerer bra når det trengs. Men samtidig er det aldri slutt på å trene. Ting kan alltid bli betre.

Men han slår fast at han er stolt av innsatsen frå alle etatane i dag.

– Innanfor brann, ambulanse og politi er det utruleg mykje flotte menneske som verkeleg ønskjar å hjelpe andre, så eg håpar dei har ein god kjensle i kveld, avsluttar Stang.

AKTUELT NÅ