Hopp til innhold

– Har prøvd å forstå Breivik

Forsvarar Geir Lippestad har prøvd å forstå kvifor mannen som tok 77 liv ikkje er i stand til å sjå enkeltmenneske. Samstundes oppfordrar han alle til å jobba med seg sjølve for å få slutt på fordommar og gruppetenking i samfunnet.

Forsvarer Geir Lippestad

Forsvarar Geir Lippestad meiner klienten sitt ekstreme syn på andre menneske må fram i lyset.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Det er skummelt å kategorisera andre menneske på den måten Breivik gjer, men me gjer det alle saman. Me trur me er flinke til å unngå kategorisering, men me snakkar dagleg om romfolket, muslimar og alle som bur på Grønland som grupper.

Det seier forsvarar Geir Lippestad i eit intervju i radioprogrammet Søndagsavisa på NRK P2.

Høyr heile intervjuet med Geir Lippestad i Søndagsavisa 29. 07.2012.

Har prøvd å forstå Breivik

Lippestad har representert Breivik sidan 33-åringen blei arrestert etter dei grusomme ugjerningane i Oslo og på Utøya 22. juli i fjor.

Han legg ikkje skjul på at det har vore eit tungt oppdrag, men understrekar at han heile tida har heldt fast ved at det ikkje er hans oppgåve som jurist å prøva å rettleia han eller få han på andre tankar.

– Det er det andre som må gjera. Eg har prøvd å forstå kva som ligg bak, kvifor han har desse tankane, seier Lippestad.

(Saka held fram etter biletet)

Skien fengsel og Breivik

Breivik blei nyleg flytta frå Ila til SKien fengsel. Styresmaktene har skjerpa brevkontrollen på grunn av straffbart innhald.

Foto: Henning Tveito/NRK/Afp

Han viser til Breiviks ekstreme ideologiske synspunkt, som dei færraste er i stand til å sympatisera med.

– Han har eit veldig spesielt kvinnesyn og ikkje minst eit tabloid og kategoriserande syn på andre menneske. Han kategoriserer menneske i enorme grupper.

– Det interessante er å sjå at menneske med ein så totalitært og eittndimensjonalt syn på verda raskt endrar seg når det kjem nokon inn som ikkje passar inn i sitt verdsbilete. Kvinner eller muslimar han har møtt som skil seg frå fordommane hans er alltid unntaka, fortel forsvararen.

– Ufarleg at Breivik brevvekslar

Det pågår om dagen ein debatt om Breivik bør få lov til å skriva og ta imot brev innanfor fengselsmurane.

I kompendiet sitt skriv Breivik at terroraksjonane 22. juli skulle vera eit fyrverkeri, eit marknadsførings-stunt til å skapa blest om den verkelege kampen mot dei demokratiske verdiane som dagens norske samfunn er tufta på.

Frå innsida av fengselsmurane vil han kjempa med pennen, ved å rekruttera støttespelarar og byggja opp sin organisasjon.

Det er han no i gang med. Under og etter rettssaka har han brevveksla med likesinna i fleire land. Han brukar åtte til ti timar kvar dag på å skriva brev frå cella si, og har motteke rundt 600 brev sidan brev- og besøksforbodet mot han blei oppheva.

– Eg trur ikkje det er farleg. Det er farlegare å stikka hans synspunkt og dei generelle høgreekstreme tankane under ein stol å seia at dei ikkje eksisterer, seier Lippestad.

– Eg er fæl til å tenkja i grupper

Terroristen tek gruppetenking til det ekstreme. Men fordommar og kategorisering av andre menneske er noko me alle må jobba med, meiner Lippestad.

To av dei åtte barna hans har ei funksjonshemming. Dette er nok ei gruppe som ofte blir offer for bås-tenking, har småbarnsfaren erfart.

– Denne gruppetenkinga må me alle jobba med. Eg må jobba med den kvar dag, for eg er fæl til å tenkja i grupper, seier Lippestad.

Han held fram som forsvararen til Breivik fram til dommen fell den 24.august, og i ei eventuell ankesak i 2013.

AKTUELT NÅ