Hopp til innhold

Kjendis-astronom har kjøpt den forsvunne meteoritten

Eigarane har meldt seg etter at Naturhistorisk museum i Oslo nyleg gjekk ut i media og etterlyste ein forsvunnen meteoritt. Kjendis-astronomen Knut Jørgen Røed Ødegaard og kona har kjøpt den.

Meteoritt funnet på Grefsen

– På denne måten har me sikra at den ikkje blir splitta eller hamnar i andre private hender, seier Knut Jørgen Røed Ødegaard om kjøpet av den største meteoritten som er funnen i Noreg sidan 1902. - Sørgjeleg og beklageleg, meiner Naturhistorisk museum i Oslo.

Foto: Ingrid Vestre Haram/Trym Nordman Sannes / NRK/privat

Den velkjende, oppglødde astronomen opplyser overfor NRK at han og kona har kjøpt meteoritten som blei funnen av ein anonym person på Grefsen i Oslo i vår.

– Finnaren ønskte å gje den til oss i gåve, men me valde å seia nei til det Istadenfor kjøpte me den for ein sum, seier kona Anne Mette Sannes, som er meteoritt-leitar.

– Betalte ein ganske liten sum

Saman har ekteparet firmaet Sannes & Ødegaards Univers AS, som dei har kjøpt steinen gjennom.

– På denne måten har me sikra at den ikkje blir splitta eller hamnar i andre private hender, seier Ødegaard.

Meteoritten blei knust i fleire delar då den dundra mot bakken.

Ifølgje museet har den til saman 4,65 kilo tunge meteoritten ein verdi på opp mot 100.000 norske kroner ute på meteoritt-marknaden.

Kva dei punga ut med for å få rom-steinen til odel og eige, vil Ødegaard og Sannes halda for seg sjølve.

– Prisen vil me halda konfidensiell, men det var eigentleg ein ganske liten sum. Det blei bestemt utifrå det som også kom ut i media om kva som er vanleg pris for den type meteoritt. Den er ikkje sjeldan. Det er ein vanleg stein-kondritt. Det unike er at den fall ned over ein hovudstad, fortel Sannes.

Astronom Knut Jørgen Røed Ødegaard og kona hans, meteoritt-leitaren Anne Mette Sannes, viser fram meteoritten på 4,65 kilo som vart funnen på Grefsen i Oslo i vår. Det er den største som er funnen i Noreg sidan 1902.

Knut Jørgen Røed Ødegaard og Anne Mette Sannes blei kontaka av finnaren og samla inn alle delane av Grefsen-meteoritten. Den 30.april viste ekteparet steinen fram på Dagsrevyen.

Melde frå om kjøpet

Dermed er mysteriet løyst, etter at Naturhistorisk museum i Oslo tysdag sende ut ei pressemelding der dei etterlyste meteoritten, som er den største som er funnen på norsk jord på nøyaktig hundre år.

Dei to undrar seg over etterlysinga, ettersom dei sjølv informerte museet i ein e-post datert 4. juli om at dei hadde sikra seg meteoritten.

Førsteamanuensis og forskar ved museet, Rune Selbekk, var den som sende ut pressemeldinga, der det også blei lova finnarløn. På grunn av internt rot i systemet på museet fekk han først i går kjennskap til e-posten som var museumsdirektøren i hende for tre veker sidan.

No når Selbekk veit kor meteoritten har teke vegen, ser han likevel ikkje på dette som ei gledeleg melding.

Video Rune Selbekk

Rune Selbekk er kurator innan mineralogi ved Naturhistorisk museum i Oslo. Han meiner det er sørgjeleg at museet ikkje fekk tilbodet om å kjøpa Grefsen-meteoritten før Ødegaard og Sannes.

Foto: Nyhetsspiller

– Sørgjeleg

– Eg er eigentleg litt skeptisk til det. Eg vil påstå at denne meteoritten burde ha blitt brukt i samband med forsking og stilt ut på eit museum som har den store nasjonale kompetansen på meteorittar, seier Selbekk.

Museet i Oslo husar allereie den nasjonale meteorittsamlinga, som inneheld 14 av 15 meteorittar funne i Noreg før det siste nedfallet i 2012, då det på kort tid blei oppdaga meteorittar på både Rodeløkka, Ekeberg og Grefsen i Oslo.

– Det er sørgjeleg at museet ikkje fekk tilbod om å kjøpa meteoritten først, før Ødegaard kjøpte den. Me burde hatt den i samlinga vår, meiner Selbekk.

I Noreg pliktar ikkje den som finn ein meteoritt å levera den frå seg til staten, slik lovverket krev i blant anna Danmark og Tyskland. Det er finnaren sjølv som bestemmer om han vil behalda den sjølv, levera den til eit museum, gje den vekk til andre eller selja den til aktørar i inn- eller utland.

Selbekk ønskjer seg både meteoritten og ei lov som sikrar musea kjøpsrett på meteorittar i framtida.

– Me håpar framleis at denne meteoritten kan koma til Naturhistorisk museum, og at me får eit sterkare regelverk som sikrar at unike naturobjekt som til dømes meteorittar og fossil kjem inn på musea, seier han.

Ikkje til sals

Ekteparet avviser at det går utover forskinga, fordi museet i Oslo allereie har bitar tilgjengelege frå same meteoritt-nedfallet.

Forskar Selbekk har også uttrykt bekymring for at Grefsen-meteoritten skal hamna på den private marknaden og forsvinna til utlandet.

Det er det heller ingen fare for, lovar Ødegaard og Sannes.

– Me driv ikkje med sal av meteorittar, me har aldri selt ein einaste meteoritt og kjem aldri til å gjera det, seier Sannes.

– Me er jo veldig interesserte i meteorittar. Det er ein del useriøse aktørar i marknaden rundt om i verda som ønskjer å selja og kjøpa meteorittar av finnarane. Knut Jørgen og eg ønskjer at steinane som bli funne på norsk jord, blir verande i Noreg for alltid. Difor har me denne no, legg meteoritt-leitaren til.

Naturhistorisk museum

Naturhistorisk museum i Bergen er eitt av musea i Noreg som Ødegaard og Sannes vurderer å selja Grefsen-meteoritten til i framtida. Oslo har nok meteorittar i samlinga si, meiner dei.

Foto: UiB

Lovar meteoritt-turné

Knut Jørgen Røed Ødegaard

Astronomen Knut Jørgen Røed Ødegaard lovar at alle som vil skal få sjå meteoritten han og kona har kjøpt.

Foto: Terje Bendiksby / Scanpix

Kva har de så tenkt å gjera med meteoritten?

– For det første tek me godt vare på den. Etterkvart kjem me til å visa den fram til publikum i ulike astroshow og opptredenar som me har rundt omkring i landet i haust, seier Ødegaard.

Det er heller ikkje umogleg at meteoritten, som er den tredje største som nokosinne er oppdaga i Noreg, omsider hamnar bak eit museumsmonter.

Men det blir truleg ikkje i Oslo.

– No har jo Naturhistorisk museum i Oslo allereie fått den meteoritten som fall gjennom eit tak på Rodeløkka i vår. Det hadde vore litt artig om andre museum i landet kunne fått ein del av dei meteorittane, slik at andre folk som bur rundt om i Noreg kan få sjå desse steinane utan å måtte reisa inn til hovudstaden, meiner Sannes.

Dei nemner museet i Bergen og i Tromsø som høgst aktuelle kandidatar. Sistnemnde har frå før av delar av meteoritten som fall ned i Alta i 1902.


AKTUELT NÅ