Hopp til innhold

Kva gjer du om du blir råka?

Ein mogleg streik blant vektarane kjem til å føre til kanselleringar og forseinkingar i trafikken frå fleire av dei store flyplassane i Noreg. Kva rettar har du om du som passasjer blir råka?

Gardermoen

Passasjerar på Gardermoen. Biletet er frå i fjor.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Jo Torkel Gjedrem

Jo Torkel Gjerdrem hjå Forbrukarombodet.

Foto: Forbrukerombudet

– Passasjeren har rett til å heve kjøpet og få pengane igjen om flyginga blir kansellert, seier Jo Torkel Gjedrem, fagdirektør hjå Forbrukarombodet.

Du har krav på å få pengane innan sju dagar, og du kan også få refundert ei reise som du har gjennomført, men som ikkje lenger har noko poeng sidan du ikkje kjem vidare.

Du har også krav på ein eventuell returflygning til fyrste avgangsstad.

Om du ikkje vil heve kjøpet, så har du krav på at flyselskapet legg til rette for ei anna reise til din destinasjon så snart som mogleg eller på eit seinare tidspunkt etter ditt val, så lenge det er ledige plassar.

Rettane gjeld reiser innanfor EØS-området og ved reiser frå andre land til EØS-området, så lenge flyselskapet du reiser med høyrer heime i eit av desse landa.

Så langt så vel.

Ikkje rett på økonomisk kompensasjon

– Når det gjeld ekstraordinære omstende som flyselskapet ikkje kan noko for, så har passasjeren ikkje rett til kompensasjon for eventuelle økonomiske tap som fylgje av kansellering, seier Gjerdrum.

– Eit slikt tilfelle hadde me under oskeskya i 2010, og som oftast vil ein streik falle inn under dette, seier han.

Dette betyr at du ikkje nødvendigvis har krav på erstatning for eit hotell som du har betalt for, men ikkje får brukt.

Forpleiing

Kva gjer ein om ein er stranda på ein flyplass?

– Du har krav på hjelp og forpleiing. Du har krav på å få dekka måltid, hotellutgifter og transport til og frå hotellet, om ventetida tilseier det, seier Gjerdrum.

– Dette skal skje på initiativ frå flyselskapet, men om det ikkje gjer det, så kan du krevje din rett, seier han.

Kva råd vil du gi passasjerar som eventuelt blir råka av ein streik?

– Følg med på informasjon som blir gitt på flyselskapa sine nettsider og vurder om du treng å reise til flyplassen eller ikkje. Om du vil heve kjøpet og få pengane igjen, så kan du det også, seier Gjerdrum.

AKTUELT NÅ