Hopp til innhold

– Spenstig, men på tide

Noregs Handikapforbund rosar reklamebransjen for at dei tør å bruke funksjonshemma som modellar.

Oslo City-modellar

Siv Toverød frå «Ingen Grenser» og den engelske modellen Kelly Know manglar høvesvis ein fot og ein arm. Dei pryder for tida reklameplakatar over heile hovudstaden.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Mange har sperra auga opp i gatene i Oslo den siste veka, etter at kjøpesenteret Oslo City lanserte vårkampanjen sin. Vårens mote vert som vanleg vist fram av modellvakre kvinner.

Men det er noko ekstra spesielt med modellane i denne kampanjen – dei manglar ein arm eller eit bein.

Siv Toverød fra Ingen grenser

Siv Toverød (22) var med på NRK-serien Ingen Grenser i 2010. No prydar ho gatene i Oslo.

Foto: Ola Helness/NRK

Ein av modellane som har stilt opp i den spreke reklamekampanjen er Siv Toverød (22) frå den første sesongen av NRK-serien «Ingen Grenser». Ho mista foten sin då ho fekk kreft som 12-åring.

Modellen Kelly Know har flydd inn heilt frå England for å vere med på kampanjen. Ho jobbar til vanleg som profesjonell modell i London, og vart fødd utan venstrearmen.

– Eg er stolt over å vere modell i eit av dei mest nyskapande dømene på mangfald innan mote, skriv Know på Twitter om oppdraget.

– Dette er på tide

Lars Ødegård

Lars Ødegård i handicapforbundet rosar kjøpesenteret for den spenstige reklamekampanjen.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Generalsekretær i Norges Handikapforbund, Lars Ødegård, seier til NRK.no at det er på høg tid at funksjonshemma vert brukt i reklamefilmar. Han rosar Oslo City for kampanjen.

– Dette er spenstig gjort, men på tide. Eg trur at motebransjen har eit behov for å vise at me menneske ikkje er A4 og at folk er folk, uavhengig av funksjonshemmingar.

– Er det ikkje problematisk å bruke funksjonshemma for å provosere for å tene pengar?

– Reklame er reklame. Men eg meiner det er lov til å både tenkje og å selje samtidig. Her synest eg Oslo City tenkjer, og det vil eg honorere dei for.

Ødegård trur at NRK-serien «Ingen Grenser», der Siv Toverød var deltakar, har ført til at mange tabu rundt funksjonshemmingar er brote.

– Denne reklamekampanjen hadde vakt mykje større oppsikt for 15 år sidan. Det at «Ingen Grenser» har bidratt til å setje auka fokus på funksjonshemma er heva over kvar ein tvil.

Oslo City-kampanje

Slagordet til reklamekampanjen er «tenk nytt», som er ein henvisning til både nye kler og nye type modellar.

Foto: Oslo City

«Creepy»

Harald Øren er kreativ leiar i Tibe T, reklamebyrået som står bak kampanjen. Han seier til NRK.no at kjøpesenteret Oslo City hadde eit ønske om å skape debatt med reklamekampanjen.

– Oslo City ville skape debatt og provosere litt. Og det er jo aldri interessant med ein kampanje som ikkje provoserer på ein riktig måte.

Øren fortel at det stort sett har vore positiv tilbakemelding frå folk, men at han også har fått negative reaksjonar på kampanjen.

– Det har vore noko negativ tilbakemelding på Facebook. Det vert argumentert med at dette er «creepy», og enkelte slit med å ta inn over seg at noko er annleis. Men dei som seier at dette er for drygt møter seg sjølv i døra. Ein kan ikkje finne betre førebilete enn personar som har si eiga historie å fortelje.

Har provosert før

Reklamekampanje

Denne reklamen frå 2004 viste to menn i romantisk positur i ei kyrkje. Reklamen skapte overskriftar i 2004, men er den provoserande i dag?

Foto: Tibe T

Det er ikkje første gong reklamebyrået til Harald Øren skapar debatt med reklamekampanjane sine. I 2004 tok han bilete av to menn som var i ferd med å kysse ved alteret i ei kyrkje. Det hamna på førstesida av Adresseavisen.

Året før tok byrået hans eit oppgjer med retusjeringa av motebransjen sine usunne kroppsideal, og teikna raude kryss over retusjerte jentekroppar, noko som også førte til store medieoppslag.

– Kva blir det neste området der du ønskjer å bryte ned barrierar?

– Det finst ganske mykje haldningar og fordommar som trengst å gjerast noko med. Eg trur at i høve til kvardagsrasisme så er det mykje fordommar å gløtte på. Det finst haldningar om vern av den norske kulturen som gjer at me kanskje ikkje er så opne og venlege som me vil ha det til.

Er dette ein bra reklamekampanje? Sei di meining!

AKTUELT NÅ