Over 400 etiopiarar saksøker staten

DEMONSTRASJON: Familien til Nathan (6) frå Bergen er nokre av dei som gjer eit siste forsøk på å få bli i landet. Tidlegare i år var det demonstrasjon i Bergen for at Nathan skulle få bli.
Etiopiarane som har fått avslag på opphald har gått saman om eit felles søksmål mot staten i håp om å få bli i landet.
Publisert 11.05.2012 19:15.
- Skriv ut
Kravet for etiopiarane er at avslag på opphald i Noreg og vedtak som gjer dei pliktige til å forlate landet blir kjent ugyldig.
Etter at Noreg gjekk inn i den såkalla returavtalen med etiopiske myndigheiter, blei det stor bekymring blant alle etiopiarar som står i fare for å bli tvangsutsendt, seier advokat Kjell M. Brygfjeld.
LES: – Etiopia-søksmål feilaktig avvist
LES: Saksøker staten for å få opphold
– Dei tok kontakt med oss, og vi aksepterte å bistå med å ta ut søksmål mot staten for å hindre at dei blir tvangssendt tilbake, held han fram.

SISTE SJANS: Lille Nathan frå Ytre Arna i Bergen er ein av 400 etioparar som saksøker staten for å få bli i Noreg.
Foto: Arne Raanaas/NRKGir ikkje opp
Etiopiarane som advokat Brygfjeld bistår, er spreidde over heile landet. Regjeringsadvokaten avviste i april søksmålet fordi vilkåra om gruppesøksmål ikkje er til stades.
– Staten trudde vi hadde anlagt eit gruppesøksmål, men det har vi ikkje. Vi har anlagt søksmål frå 400 individ, men bede om at desse vert behandla samla, seier advokat Bent Endresen til NRK.no.
LES:Stoltenberg ignorerte asylbarna
LES: SV stemmer mot asylbarn-krav
Vil ikkje bli sendt ut
Om søksmålet vert avvist eller ikkje, blir behandla i løpet av kort tid. Advokatane har også bede om at saksøkarane ikkje vert sendt ut av landet før saka er avgjort i tingretten, eit krav som Oslo tingrett skal behandle.
Førre veke blei det kjent at Nathan Eshete og familien hans må reise til Etiopia innan 16. mai. Saka om Nathan har vakt stor oppsikt.
Tidlegare i år bestemte utlendingsnemnda å utsetje utkastinga til han og familien, men no har dei fått endeleg avslag.
LES:Hundrevis møtte opp for Nathan
Også familien til Nathan saksøker staten i eit siste håp om å få bli i Noreg.
Les
Innenriks
- Overleverer ny politirapport
- Høyre troner på Oslo-måling
- Kommunesamanslåing viktigast for Sp
- Sa opp IA - senket sykefraværet
- Ber Giske fortelje alt
- Flest vil ha Erna som statsminister
- Venter i månedsvis på kreftsvar
- Utval feller hard dom over politiet
- Reddet baby fra glovarm bil
- Flere innvandrere uttransportert
- Siri Kalvig trekker seg fra styret
- Hundretusener demonstrerer i Brasil
- Unni Steinsmo blir Kings Bay-leder
- Nei til fattigdomsforslag

