Hopp til innhold

– Sønsteby var eit usedvanleg flott menneske

– Gunnar «Kjakan» Sønsteby hadde ei beskjedenheit som alltid overraska meg, seier statsminister Jens Stoltenberg.

Gunnar Sønsteby og Jens Stoltenberg

EIN HELT: Statsminister Jens Stoltenberg syns det er vemodig at motstandshelten Sønsteby er gått bort

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Statsminister Jens Stoltenberg meiner det er vemodig å tenke på at ein av Noreg sine viktigaste motstandsmenn er borte.

– Ein epoke er over

Stoltenberg meiner ein epoke i norsk historie er over no når Sønsteby er gått bort.

– Hann fekk leve eit langt og viktig liv, men det er vemodig, Sønsteby var ein usedvanleg jordnær mann som alltid utstrålte varme, seier Stoltenberg som kjente Sønsteby personleg.

– Det motet og den handlekrafta han viste i ei mørk og vanskeleg tid for landet vårt er ein viktig del av vår historie, men ikkje minst har han bidratt mykje etter krigen òg, seier statsministeren.

Sprengte grenser under krigen

Gunnar Sønsteby var sentral i motstandsarbeidet frå 1940 og fram til frigjeringa i 1945.

– Han viste ein vilje til fridom som sprengte grenser under krigen, og etter krigen med ei evne til forsoning som rørte hjarta våre, seier Stoltenberg.

Sønsteby deltok i dristige sprengingsaksjonar og kupp for å sabotere tyskarane som okkuperte Noreg under andre verdskrig.

Han var leiaren av den berømte «oslogjengen», og bidrog til motstandskampen gjennom sabotasje, etterretning, kurérverksemd og illegal presse.

Men Sønsteby brukte òg tida etter krigen og arbeidde om lag heilt fram til sin død for å opplyse etterkrigstida om motstandskampen.

– Spelte ei viktig rolle heilt fram til sin død

– Han var ein av våre fremste heltar, som hadde ei dramatisk forteljing frå krigen som han gjenopplevde kvar gong han heldt foredrag, seier Stoltenberg.

Han reiste rundt for å fortelje om motstandskampen, og arbeidde heilt fram til sine siste leveår med å skape forsoning og å arbeide for demokratiet.

– Han lærte våre unge å ikkje hate, og å skilje mellom dei som har skuld og dei som ikkje har det, seier Stoltenberg.

Sønsteby har etter krigen heldt over 2000 foredrag om motstandskampen.

– Hans forteljingar om krigen og betydninga av fridom gjorde at han spelte ei viktig rolle i alle åra heilt fram til sin død, seier Stoltenberg.

Ein jordnær mann

Sønsteby er den mest dekorerte innbyggjaren i Noreg, men ifølgje Stoltenberg har han aldri slutta å bli overraska over beskjedenheita Sønsteby viste.

– Han var ein jordnær mann som alltid var oppteken av å sjå framover. Eg møtte han seinast for nokre veker sidan, og då var han mest oppteken av ein langtidsplan for Forsvaret, og dette seier noko om ein mann som ser framover og ikkje bakover.

Gunnar Sønsteby er heidra med ein statue på Solli Plass i Oslo. Men Stoltenberg meiner aktivt arbeid i framtida er den beste måten å heidre Sønsteby på.

– Den beste måten vi kan heidre minnet til Sønsteby på, er å vidareføre arbeidet han nedla livet sitt for, nemleg fridom, demokrati og forståing mellom menneske, seier Stoltenberg.

Gravferd på staten si rekning

– Vi er mange som er takksame for innsatsen til Sønsteby. Vi er takksame for historiene om dei historiske aksjonane under krigen, og for forteljingane frå krigen i alle åra etterpå.

Regjeringa har bestemt å heidre Sønsteby sitt minne ved at staten tek kostnadene av gravferda.

Krigshelten Bjørn Egge blei òg gravlagt på staten si rekning. Ordninga går ut på at gravferda skjer i regi av familien, og at staten betalar.

Dei siste som fekk gravferda betalt av staten var Grete Waitz, Wenche Foss og Arne Nordheim.

AKTUELT NÅ