– Dei som har høyrt Sønsteby, gløymer det aldri

UNIK: Sjef på Hjemmefrontsmuseet, Arnfinn Moland, seier Sønsteby hadde ei unik evne til å nå gjennom i foredraga sine.
Foto: Richardsen, Tor/SCANPIXGunnar Sønsteby arbeidde i mange år med å informere ungdom om motstandskampen. Han hadde ei særeigen evne til å få kontakt med publikum, seier sjefen på Hjemmefrontsmuseet.
Publisert 10.05.2012 16:07.
- Skriv ut
Dei siste åra har motstandsmannen Gunnar Sønsteby hatt kontor ved Hjemmefrontsmuseet i Oslo, ofte omtala som Sønsteby sin andre heim.
Sjef på museet, Arnfinn Moland, seier Sønsteby hadde ei unik evne til å få kontakt med ungdom då han heldt foredrag for å informere om motstandskampen.

KONGELEG VISITT: Ikkje berre vanleg ungdom lærte av Gunnar Sønsteby. Her viser han kronprins Haakon og Marius rundt på Hjemmefrontsmuseet.
Foto: Holm, Morten/SCANPIX– Alle hugsar foredraga hans
– Han hadde enorm påverknadskraft og innverknad på ungdommane som høyrte på han. Dei som har høyrt Sønsteby sine foredrag vil aldri gløyme det, seier Moland.
LES OGSÅ: Stoltenberg: Ein epoke er over
Arnfinn Moland seier det ikkje er kva som helst slags 94-åring som no legg ned staven. Sønsteby jobba nesten til siste slutt med oppdraget om å informere norsk ungdom og andre om det han brann for.
– Han arbeidde til siste slutt med å forklare kor viktig det er å alltid vere på vakt, å slost for demokratiet, fred og fridom, seier Moland.

SIN ANDRE HEIM: Hjemmefrontsmuseet i Oslo blir omtalt som Gunnar Sønsteby sin andre heim
Foto: Holm, Morten/SCANPIX
Heldt over 2000 foredrag

SIN ANDRE HEIM: Hjemmefrontsmuseet i Oslo blir omtalt som Gunnar Sønsteby sin andre heim
Foto: Holm, Morten/SCANPIXSønsteby byrja allereie på slutten av 1940-talet å halde foredrag i USA. Etter at han kom heim til Noreg på femtitalet, har han fram til nyleg heldt over 2000 foredrag på museet og i skular.
LES OGSÅ: Rjukan i sorg etter Sønstebys død
– Eg har aldri sett maken til energi hjå eit menneske, det er ein fantastisk og heilt spesiell person som no er død, seier Moland.
Spøkjefugl
Arnfinn Moland arbeidde saman med Sønsteby på Hjemmefrontsmuseet, og kan fortelje at han ikkje berre var ein engasjert og utadvendt mann, men hadde òg eit glimt i auget.
– Han var alltid ein spøkjefull person, seier Moland.
– Som han sjølv sa, kallenamnet «Kjakan» var opphavleg eit dekknamn, og blei ein gimmick til slutt. Sønsteby brukte å seie at han i finare selskap kalla seg for «kjeven».
Innenriks
- Pågrepet etter skyting på Jessheim
- Frykter ny borgerlig splittelse
- Én av fire Frp-velgere går til H
- Evakueres som følge av flommen
- NSB klarer ikke skaffe transport
- Tok farvel med Jo Benkow
- Historier fra tornadoens etterdønninger
- NSB ber folk om å jobbe hjemmefra
- Mye nedbør gir ikke billig strøm
- Sandberg ønsker nyvalg velkommen
- Ødeleggelsene etter tornadoen i Oklahoma
- Opptøyer i Stockholm
- Tidligere idrettsutøver voldsdømt
- To uker fengsel for drapsiktelse
- – Liket kan ha blitt fraktet langt
- Rumener siktet for drap i Skien
- –Arbeidsdagen i dag blir spesiell
- Frps ti krav overfor Høyre
- Har funnet det siste vitnet
- Får eksperthjelp før eksamen

