Hopp til innhold

Klomsæt melder Oslo-politiet til spesialseininga for politisaker

Advokat Sigurd J. Klomsæt, som politiet meiner har leke fortruleg informasjon til pressa i terrorsaka, har meldt politiet i Oslo og Asker og Bærum til Spesialeininga for politisaker.

Sigurd Klomsæt

Advokat Sigurd J. Klomsæt har meldt politiet i Oslo og Asker og Bærum til Spesialeininga for politisaker.

Foto: Berit Roald / Scanpix

Det var i mars i år at Klomsæt vart fjerna som bistandsadvokat i terrorrettssaka, etter at fleire bilete av Anders Behring Breivik dukka opp i media. Politiet meiner at bileta berre kunne stamme frå CD-en med bevismateriale som politiet hadde sendt ut til bistandsadvokatane.

Materialet på kvar enkelt CD var merka elektronisk, og politiet slo fast at det var advokatkontoret Sigurd J. Klomsæt som stod bak lekkasjen.

No har Klomsæt samla det han meiner er dokumentasjon på at det ikkje er han eller dei tilsette på kontoret som står bak lekkasjen. Han viser blant anna til at bileta av Anders Behring Breivik på Utøya etter arrestasjonen, faktisk har sirkulert på Internett sidan desember i fjor.

Elektronisk merking

Desse bileta har same vassmerke og elektronisk merking, som bileta politiet meiner Klomsæt har gitt vidare til media. Politiet meiner at desse merka berre var kjende av politimannen som stod for merkinga.

Ronny Alte

Ronny Alte har i fleire år vore frontfigur i Norwegian Defence League.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Etter det NRK kjenner til vart Klomsæt kontakta av Ronny Alte, kjend frå den islamkritiske organisasjonen Norwegian Defence League. Alte kunne fortelje at dei aktuelle bileta var kjende på islamkritiske nettstader lenge før Klomsæt vart skulda for lekkasje.

Det er blant anna snakk om biletet der Anders Behring Breivik sit i ein lenestol i hovudbygningen på Utøya etter pågripinga. Dette biletet skal Ronny Alte ha lasta ned frå Internett 21. desember 2011.

Sigurd Klomsæt har gjort det klart at han ikkje kjende Ronny Alte frå tidlegare. Det var Alte som på eige initiativ tok kontakt.

LES OGSÅ: Viggo Kristiansen får ikke ny runde i retten

LES OGSÅ: Klomsæt ute av 22.-juli-saken

Fjerna som bistandsadvokat

Klomsæt vart skulda for lekkasje til media, og fjerna som bistandsadvokat, i februar i år.

Dataekspertar NRK.no har snakka med seier at det er fullt mogleg for ein datakyndig person å manipulere med datoane på bilete på Internett, både bakover og framover i tid. Så det er uklart kor mykje vekt Spesialeininga vil leggje på akkurat dette.

Klomsæt har heile tida avvist at han eller nokon av dei andre på advokatkontoret hans kan ha stått bak lekkasjane.

Pressesjef Unni Grøndal ved Oslo politikammer seier til NRK.no at politiet ikkje har sett Klomsæt si melding til Spesialeininga, og at dei ikkje å ynskjer å kommentere saka.

LES OGSÅ: – Klomsæt har blitt gjort til syndebukk

LES OGSÅ: Klomsæt får ikke fortsette som bistandsadvokat

LES OGSÅ: Ber tingretten undersøke Klomsæt-beslag

AKTUELT NÅ