20.06.2013

Viste sterke bilete frå Utøya

Kulehull i dør på Utøya (Foto: Politiet)

Politiet sine bilete frå Kafèbygget på Utøya, der 13 ungdomar vart drepne, vart viste i retten i dag. Bileta var for sterke til å bli viste på fjernsyn.

Bileta viste tydeleg det blodige dramaet som gjekk føre seg i kafébygningen, og retten avgjorde at dei var for sterke for fjernsynet.

Gøran Dyvessveen i Kripos forklarte i retten i dag om funna på Utøya etter 22. juli.

Han fortalde blant anna om funnet av 48 tomhylser frå pistolen til Breivik inne i kafébygget.

Innenriks

NRK Butikken