23.05.2013

Pilotkonflikt lurer bak fasaden

Omvisning på Boeing sin nye Boeing Dreamliner 787

Boeing 787 Dreamliner er på jomfrutur til Gardermoen, men bak den flotte fasaden lurer konflikten mellom pilotane og Norwegian.

Boeing 787 Dreamliner er på vitjing på Gardermoen. Dette blir flyselskapet Norwegian sitt nye flaggskip, og kvart fly kostar ein milliard kroner. Norwegian har bestilt seks maskinar og i løpet av dei neste åra er lågprisselskapet på jakt etter ytterlegare ti fly, ifølgje Finansavisen.

Mot streik i selskapet

Men midt i heile flyidyllen ligg det konfliktar og ulmar i lågprisselskapet. Det kan nemleg gå mot pilotstreik i selskapet, som ein protest mot utstrekt bruk av vikarar gjennom utanlandske vikarbyrå.

– Me fryktar at Norwegian kjem til å kopiere måten Ryanair tilset sine flygarar på, sa leiar i Noregs flygarforbund, Aleksander Wasland for to veker sidan.

Om bord i det nye flyet, som vil vere berebjelken i Norwegian si lågprissatsing på lange reiser, seier Bjørn Kjos at konfliktar som dette er ein naturleg del av det å vekse seg stor.

VIDEO: Se bilder inne fra Dreamlineren på Gardermoen i dag.

– Vil løyse seg

– Eit selskap i vekst vil alltid ha utfordringar. Men eg er trygg på at me vil kome til ei løysing i denne konflikten. Slike disputtar vil dukke opp ved jamne mellomrom i det systemet me har i Noreg, seier Bjørn Kjos til NRK.no.

Flyet vil bli sett inn i trafikk frå Oslo og Stockholm til New York på sommaren neste år.

Kjos fortel at det vil vere høve til å kjøpe billettar til dei nye rutene rundt september/oktober.

Asia blir den største marknaden

Norwegian planlegg også ruter til Bangkok i Thailand. Det er i Asia Norwegian ser for seg den største marknaden dei neste åra. Dei planlegg å ha eigne flybasar på asiatiske flyplassar.

Visepresidenten i salsavdelinge til Boeing i Europa, Todd Nelp, er samd med Kjos i at Asia er området å satse på.

– Me ser at den største ekspansjonen i flytrafikk vil gå føre seg i Søraust-Asia og i Kina. Det vil kome millionar av nye passasjerar i desse landa kvart einaste år.

– Kvifor passar dette flyet så godt til Norwegian?

– Grunnen til at dette flyet passar så bra for lågprisselskap som Norwegian, er at det brukar 20 prosent mindre drivstoff og har 30 prosent lågare vedlikehaldskostnader.

Mindre «jet lag»

Flyet er også bygd av eit spesialmateriale som gjer at opplevinga å flyge mykje meir behageleg. Kjensla av «jet lag» vil vere mykje mindre enn i andre fly.

– Ein kan samanlikne det med å stå på toppen av eit 2000 meter høgt fjell i staden for eit 3000 meter høgt fjell. Det vil utgjere ein merkbar skilnad, seier Nelp.

Dette er ikkje den første gongen det nye flyet er på besøk her i landet. Alt hausten 2010 var flyet på testflygning for vinterforhold på Svalbard.

Innenriks

NRK Butikken