Mood til USA for å planlegge FN-styrkar til Syria

REISER TIL SYRIA: Den norske FN-generalen Robert Mood (t.h.) skal vere ein del av den syriske observatørstyrka på 300 mann. Her saman med FNs spesialutsending til Syria, Kofi Annan.
Foto: DENIS BALIBOUSE/ReutersDen norske generalmajoren Robert Mood reiste i dag til New York for å bidra til planlegginga av FN si observatørstyrke på 300 personar til Syria.
Publisert 22.04.2012 20:27.
- Skriv ut
Tryggingsrådet i FN vedtok i helga å utvide observatørstyrka i Syria til 300 personar, og det blei spekulert i om norske Robert Mood skal leie denne gruppa.
LES: FN-ja til 300 observatørar i Syria
Det er framleis ikkje avklart om Mood skal leie styrka, som har fått namnet UNSMIS.
Mood skal planlegge utplasseringa

BLIR FLEIRE: FN-observatørane i Syria aukar med 300 personar.
Foto: -/AfpMen førebuingane og planegginga av styrka går føre seg for fullt etter at tryggingsrådet gav generalsekretær i FN, Ban Ki-moon i oppgåve å vurdere når det er trygt å utplassere dei.
– Rolla hans vil vere å stille si erfaring og kompetanse til disposisjon i den vidare planlegginga fram mot utplasseringa av ein hovdstyrke i Syria, seier Mood sin pressetalsmann Kim Gulbrandsen.
Prosessen er i gang
Førebuingane og planlegginga av FN-styrka til Syria går for fullt.
Ifølgje Gulbrandsen skal det vere mogleg å starte vidare oppbygging med ein gong generalsekretær i FN, Ban Ki-moon meiner forholda ligg til rette for å sende observatørane til Syria.
Syria
- Syriske fedre drepes foran barna
- – Iran med 4000 soldater til Syria
- Trur ikkje på våpen-lovnad
- - Ein karavane av løgner
- Russland beskylder USA for bløff
- – USA vil sende våpen til Syria
- USA: Kjemiske våpen brukt i Syria
- Skolebenk eller krigsmål?
- 14 drept i bombeangrep i Damaskus
- Forbereder storoffensiv i Syria
- FN med dramatisk appell
Innenriks
Venter i månedsvis på kreftsvar - Utval feller hard dom over politiet
- Reddet baby fra glovarm bil
- Flere innvandrere uttransportert
- Siri Kalvig trekker seg fra styret
- Hundretusener demonstrerer i Brasil
- Unni Steinsmo blir Kings Bay-leder
- Nei til fattigdomsforslag
- Ny rapport kritiserer politiet
- Strøm-Erichsen publiserte nye svar
- - Hjerterått å sende ut Neda
- OUS erkjenner uforsvarleg drift
- Lang ventetid på hjernekirurgi

