– Det har vore ein del sommarfuglar

Terje Tørrissen var ikkje budd på det enorme medieoppstyret rundt den nye rettspsykiatriske rapporten.
Foto: Jonas Sætre/NRKRettspsykiatrar Terje Tørrissen seier at han har grua seg til at den nye Breivik-rapporten skulle bli lagt fram i dag, og fortel om eit svært krevjande arbeid i forkant.
Publisert 10.04.2012 17:46.
- Skriv ut
I dag presenterte dei rettsoppnevnte sakkunnige, Agnar Aspaas og Terje Tørrissen, den nye rapporten der dei konkluderer med at terrortiltalte Anders Behring Breivik er tilrekneleg. Tørrisen fortel at det har vore ei svært krevjande sak å jobbe med.
– Det har vore ein krevjande prosess. Det har vore forferdeleg mykje saksdokument å setje seg inn i, seier Tørrissen til NRK.no.
– Har du vore nervøs for dagen i dag?
– Jau, det må eg innrømme. Det har vore ein del sommarfuglar i magen for akkurat dagen i dag.
- LES OGSÅ: – Krevende med forskjellige konklusjoner
- LES OGSÅ: Mener Breivik er tilregnelig
Har gjort inntrykk
Tørrissen fortel at det har gjort inntrykk å ha tilbrakt nesten 40 timar saman med massedrapsmannen.
– Denne saka er heilt unik, så det er klart at dette har gjort inntrykk på oss.
Dei siste to vekene har gått med til skriving av rapporten, som er på om lag 330 sider.
– Me har hatt litt fridtid i påsken, men ikkje veldig mykje.
- Terje Tørrissen skal uttale seg meir om den rettspsykiatriske rapporten i Aktuelt som går på NRK 2 i kveld klokka 20.15.
Godt samarbeid
Tørrissen har ingenting å utsetje på samarbeidet med Breivik under samtalane.
– Samarbeidet med observanden har vore godt. Han har besvart dei spørsmåla me har hatt.
– Forventar du at retten vil lytte til rapporten?
– Først og fremst skal me svare om vår rapport, og me ønskjer ikkje gå inn og diskutere den andre rapporten. Retten får ta ei avgjerd på kva den fell på.
– Er det mogleg at Breivik har spelt tilrekneleg for å oppnå det han vil?
– Me har vurdert dette, men eg kan ikkje gå nærare inn på vår skildring rundt dette.
– Er han frisk?
– Det kan eg ikkje kommentere.
Kan framleis vere sjuk
Sjølv om dei sakkunnige finn at Breivik er tilrekneleg, betyr ikkje det at dei konkluderer med at Breivik er psykisk frisk. Det finst mange psykiske lidingar som ikkje har innverknad på spørsmålet om tilregnelegheit, til dømes angst og depresjonar.
Tørrissen fortel at Breivik var observert både aleine og saman med anna personell.
– Observasjonen gjekk føre seg på Ila med spesialpersonell frå sjukehuset på Dikemark til stades. Han var i eit rom på Ila der han vart observert både med og utan personell.
– Me hadde han i same rom på dagtid, frå tidleg morgon til seint om kvelden. Då var me saman med han, hadde måltid saman med han og gjorde forskjellige ting.
Narsissistisk
Etter det NRK erfarer skriv psykiatrane i rapporten at den terrortiltalte «lir av ei viss dyssosial og ei viss narsissistisk personligheitsforstyrring».
– Når ein er narsissistisk har ein eit falskt sjølvbilete, og ein ser på seg sjølv som spesiell, med eineståande eigenskapar, eller ein stor misjon. Dei har heilt overdrivne tankar om seg sjølv, seier rettspsykolog Pål Grøndahl til NRK.no.
Terrorangrepet mot Norge 22. juli 2011
- Danske tiltalt for Breivik-hyllest
- Ber om penger etter 22. juli
- Beredskapstropper vil samarbeide
- Første Ap-landsmøte siden 22. juli
- KrF ønsker bedre terrorberedskap
- Utøya-aksjon kan havne i retten
- Avslår Breiviks frisøknad
- Mener 22. juli-penger ikke brukes
- Sliter økonomisk etter 22. juli
- Ein av fire slit psykisk
- Misbrukte kommuner 22. juli-støtte?
Innenriks
Frp vil bruke tvang - Dømt til fengsel for tre voldtekter
- Tviholder på klimaskeptisk linje
- Vil ha flomfond på 250 mill
- – Viktig å se hvor disse kommer fra
- Varsler søksmål mot staten
- Siv Jensen får 500.000 av Hagen
- Vil gi folkevalgte skattekutt
- Strid om sykelønn i Frp
- Flere svenske byer rammet av uro
- Kreftpasient døde av legionella
- Flomskader for nær 170 millioner
- Mann alvorlig skadd i knivstikking
- Død person funnet i Porsgrunn

