Forsvarar Geir Lippestad stadfestar at Breivik vurderte andre terrormål og -våpen med større skadepotensiale.
– Som forsvararen hans er det ikkje naturleg å seie anna enn at Breivik har forklart seg om alternative mål og verkemiddel, og dette vil kome fram i forklaringa hans, seier Lippestad.
Den skjebnesvangre fredagen for åtte månader sidan braut det ut panikk og kaos i Oslo sentrum.
Under rettssaka i april vil det kome fram nye opplysningar som til no ikkje er kjent. Opplysningar om at Breivik hadde planar om å gjere langt større skade.
LES:
LES:
Skreiv om alternative bomber
I sitt såkalla manifest skriv Breivik om såkalla «skitne bomber», ein kombinasjon av konvensjonelt sprengstoff og kjernefysisk materiale som forureinar eit stort område med radioaktivitet.
LES:
LES:
Ei slik bombe ville innebere at Breivik la ein eller fleire radioaktive kjelder inn i lasterommet på Vålstua gård, og at bombebilen ville spreie radioaktivitet og strålefrykt i eit stort område etter at bomba hadde gått av ved regjeringskvartalet.
«Tsjernobyl et beste fall-scenario»
I det såkalla manifestet skriv Breivik om slike bomber:
«Fissilt materiale kan stjeles fra et hvilket som helst større sykehus (...) og andre komponenter kan kjøpes fra den russiske mafiaen..»
«..Et beste-fall scenario kan være der en celle (1-3 personer) med en høy radioaktiv kilde f.eks strontium-90, har mulighet til å skape en hendelse tilsvarende Tsjernobyl-ulykken..»
I det såkalla manifestet skrive han at ei slik «skitten bombe» har som formål å skape panikk og psykisk terror.
Forsvarer Geir Lippestad vil vente med å kommentere dette til etter Breivik har forklart seg i rettssaka.
Ville ramme NRK
Terroristen har også forklart at fleire store mediehus i Oslo stod på lista over terrormål han vurderte under planlegginga av åtaka.
LES: Breivik spanet på NRK-ansatte
Før han bestemte seg for å angripe regjeringskvartalet og Utøya, vurderte han å ramme både Aftenposten, VG og NRK.
Breivik skal ha drive med spaning av hovudkontoret til NRK på Marienlyst i Oslo to gongar.
For å ramme journalistane, vurderte terroristen å lage to bomber på mellom 50 og 60 kilo, som han skulle levere ved å ha på seg ein Fed ex-uniform.
Ifølgje Dagbladet.no skal Breivik også ha vurdert å plassere ei bilbombe ved Slottet, og hovudkontoret til Arbeiderpartiet på Youngstorget i Oslo.
Avisa skriv også at Breivik også skal ha rekognosert ved NRK sitt hovudkontor på Marienlyst ved to høve det siste året.
Han skal ha forklart politiet i detalj korleis han skulle gå til åtak på mellom anna NRK og Arbeiderpartiets landsmøte.