Hopp til innhold

Tryggleiken under Breivik-rettssaka kostar ein halv million dagen

Dei omfattande tryggingstiltaka under rettssaka mot Anders Behring Breivik vil kosta politiet og domstolen nesten ein halv million kroner dagen. Det sterke folkehatet mot gjerningsmannen er ein del av trugselvurderinga til politiet.

Oslo tinghus under fengslingsmøtet for Breivik

Det blir politi på alle hjørner, tryggingskontrollar og trafikkreguleringar ved Oslo tinghus under rettssaka mot Anders Behring Breivik. Her under fengslingsmøtet den 6.februar.

Foto: Johansen, Erik / Scanpix

Politiet og domstoladministrasjonen snur ikkje på krona når den største rettssaka i noregshistoria skal gjennomførast.

Minst 22 millionar kroner ekstra må Oslo-politiet og Oslo tingrett bruka på tryggleiken under rettssaka mot Anders Behring Breivik.

Domstoladministrasjonen reknar med utgifter på til saman 14,9 millionar kroner til tryggingstiltak i løpet av dei ti vekene. Oslo politidistrikt ventar at deira arbeid med å sikra hovudstaden vil medføra ei ekstrarekning på minst sju millionar kroner.

Det tilsvarar rundt 460.000 kroner per rettsdag.

– Dette blir det mest omfattande sikkerheitsopplegget rundt ei rettssak som eg kjenner til i regi av Oslo politidistrikt. Saka er unik, då blir kostnadskrava deretter, seier stabssjef Johan Fredriksen til NRK.

Regjeringa har sett av 105 millionar ekstra til Oslo-politiet på statsbudsjettet for å dekkja deira meirutgifter i samband med 22.juli-terroren.

Må låna politifolk frå andre distrikt

Dei ekstra millionane politiet pungar ut med, kjem i tillegg til bruken av ordinære ressursar i oppdraget, og går i all hovudsak til mannskap, utstyr, materiell og til transporteringa av terroristen Anders Behring Breivik frå Ila fengsel i Bærum til Oslo tinghus.

– Sju millionar kroner i meirutgifter er det stipulerte beløpet. Sluttsummen kan fort bli ein annan, seier Fredriksen.

Bemanninga er den desidert største utgiftsposten for politiet. Kvar dag under rettssaka skal rundt 100 uniformerte og sivile politifolk i sving, etter det NRK kjenner til. Dette har skapt reaksjonar, også internt i politiet. Oslo politiforeining fryktar mindre synleg politi i gatene og meiner dette vil bremsa opp etterforskinga av andre saker.

For å få til det, må dei omdisponera mannskap i eige politidistrikt, leggja om vaktlister og betjentane må rekna med overtidsarbeid.

For å unngå rovdrift på eigne tilsette skal Oslo-politiet også få bistand frå andre politidistrikt i landet: Østfold, Follo, Romerike, Asker og Bærum og Søndre Buskerud.

– Dette er distrikt som er på det nye naudnettet. Dei tilsette treng ikkje opplæring i det nye systemet, difor blir det ukomplisert å låna folk derifrå.

Johan Fredriksen

- Breivik-saka er unik, då blir kostnadskrava deretter, seier stabssjef i Oslo politidistrikt, Johan Fredriksen.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Glassvegg bak Breivik

Andre aktørar er også involverte i arbeidet med å gje rettssaka trygge og forsvarlege rammer. Oslo tingrett har utgifter på nesten 15 millionar. Mykje pengar har gått med til å omorganisera lokala inne i tinghuset.

Det er også sett opp ein glassvegg bak plassen som Breivik skal sitja på inne i rettssalen. Glassveggen er truleg skotsikker, og er plassert den sida som har vindauge ut mot Teatergata.

– Kostnadssummen omfattar bygningsrelaterte- og tekniske tilpassingar, og personell og utstyr for åtgangskontrollen til bygningen, utdjupar Erling Moe i informasjonseininga til Domstoladministrasjonen.

Tryggingsselskapet G4S, som også handterer sikkerheitskontrollane ved norske flyplassar, er hyra inn til å slusa folk inn og ut gjennom tryggingssjekken utanfor dørene til tinghuset.

Vurderer trugselnivået

Oslo tinghus ligg midt i sentrum av hovudstaden. Terroristen som skal inn på tiltalebenken har blodet til 77 uskuldige menneske på hendene. Mot seg har han harmen til ein heil nasjon.

Det kollektive hatet mot gjerningsmannen er eitt av momenta som politiet har teke med i trugselvurderinga.

– Det er ein av faktorane som politiet og PST legg i potten når me skal danna oss eit vurderingsgrunnlag. Me vurderer trugselnivået kontinuerleg utifrå det me veit har skjedd, sunn fornuft og fakta, opplyser Fredriksen.

Ifølgje politiet vil det ikkje bli sete i verk fleire tryggingstiltak enn det som er naudsynt. Sikringsopplegget vil også vera konsentrert til området rundt tinghuset, som likevel er ope for fri ferdsel - med unntak av visse trafikkreguleringar og parkeringsrestriksjonar.

– Me oppmodar likevel alle som ikkje har ei rolle i rettssaka eller eit ærend i området om å unngå å ferdast her i denne perioden, seier Fredriksen.

Ny rettssal i Oslo tinghus

Rettssaka mot Breivik skal gå føre seg i ein heilt ny rettssal i Oslo tingrett. Ein høg glassvegg er plassert bak tiltalebenken.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

– Fryktar ingenting

Politiet sitt oppdrag er å sikra tryggleiken på innsida av tinghuset, i området rundt og under transporteringa av Breivik frå Ila fengsel til rettslokalet (sjå faktaboks over).

Omfattande vakthald, omdirigering av trafikken, sikkerheitskontroll i tinghuset og politieskorte av Breivik med pansra bilar frå fengselet til tingretten er nokre av tiltaka politiet innfører i samband med rettssaka.

Det strenge tryggingsregimet er på ingen måte eit signal om eit høgt trugselnivå, ifølgje Fredriksen.

– Dette er éin gjerningsmann som ikkje er del av eit kriminelt miljø. Dei som møter opp i retten er lovlydige gjennomsnittsborgarar som søkjer svar, poengterer etterforskingsleiaren.

– Det skumle for oss er det me ikkje veit, men som me likevel må ta høgd for. Me må leggja inn ei gardering, legg han til.

kristin aga

Kristin Aga er koordinatoren for dei 30 pårørandekontaktane politiet har rundt om i Noreg, som følgje av 22.juli.

Foto: Kjell Herning / NRK
100 politifolk
på jobb

Tryggingstiltaka vil vera strengast i løpet av dei to første og den siste veka av hovudforhandlingane, då det er venta størst interesse frå publikum og presse.

– Me satsar sterkt på dette oppdraget for å garantera at rettssaka går trygt føre seg. Samstundes er det eit overordna mål for oss at dette må skje innanfor verdige rammer for alle dei med tunge opplevingar som er midt i ein bearbeidingsfase, seier Fredriksen.

Mange fornærma og etterlatne var uroa for tryggleiken før minnekonserten i Oslo den 30.juli og Utøya-omvisinga for dei råka. Pårørandekontaktane i politiet fekk då mange spørsmål om sikkerheitsopplegget rundt arrangementa.

Før rettssaka er det mindre uro å spora. Spørsmåla frå etterlatne og fornærma dreier seg no stort sett om det praktiske, fortel Kristin Aga, som er koordinator for dei 30 pårørandekontaktane politiet har rundt om i landet.

– Dei lurar på om og kva tid det er mogleg å sitja inne i hovudsalen i Oslo tingrett. Nokre reagerer på at dei berre har rett til å vera til stades under den delen av rettssaka som rører ved dei spesielt, men me kan berre formidla informasjonen som domstolen har bestemt, seier Aga.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger