Hopp til innhold

Breivik vil ikkje kasta vekk energi på besøk i fengselet

Frå og med tysdag kan terrorsikta Anders Behring Breivik ta imot besøk ved Ila fengsel. Men Breivik sjølv fryktar «energi-lekkasje» og vil ikkje ha besøk.

Ila fengsel fengselsstreik Anders Behring Breivik

I morgon kan Anders Behring Breivik ta imot besøk ved Ila fengsel i Bærum. Men Breivik seier han trivst i eige selskap, og vil ikkje kasta vekk energi på samtalar med familie og gamle vener.

Foto: Scanpix

Sidan han vart pågripen den 22.juli har Anders Behring Breivik sete varetektsfengsla ved Ila fengsel i Bærum, på eit svært høgt tryggingsnivå.

Før jul blei brev- og besøksforbodet gjort om til kontroll. Frå og med tysdag blir også kontrollen oppheva. Det betyr at Breivik, med visse restriksjonar, kan ta i mot besøk av og brevveksla med dei han måtte ønskja.

Men sjølv etter å ha sete isolert i over 170 dagar, vil ikkje Breivik ha besøk i fengselet.

– Han seier han trivst i eige selskap, og at han ikkje vil ha «energi-lekkasje» før rettssaka startar den 16.april, seier forsvarar Vibeke Hein Bæra.

Vil heller brevveksla med likesinna

Tidlegare har Breivik, via sine forsvararar, sagt at han er positiv til besøk frå familie, vener og andre. No har han altså ombestemt seg.

I eit møte med forsvararane i Ila fengsel førre onsdag, sa Breivik at han i svært liten grad er oppteken av å treffa nokon som helst i tida før rettssaka. Det er i tråd med rådet frå forsvararane, som meiner det er klokt å venta til han skal avgje forklaring i retten.

– Han vil få høve til å vurdera alle søknader som kjem inn, men i utgangspunktet ønskjer han ikkje besøk, seier Hein Bæra, som er ein av hovudforsvararane til Breivik.

Den terrorsikta 32-åringen vil heller bruka tida og energien sin på å førebu seg opp mot hovudforhandlingane, og er meir oppteken av å kommunisera skriftleg med meiningsfeller, fortel advokaten.

Video Breivik vil ikkje ha besøk i fengselet

Vibeke Hein Bæra er ein av advokatane til Anders Behring Breivik. Breivik er svært lite interessert i å få besøk i fengselet, fortel ho.

Bak glassvegg

Opphevinga av brev- og besøkskontrollen tyder i hovudsak at ansvaret for Breivik sin tilgang til besøk og kommunikasjon blir flytta frå politiet til Kriminalomsorgen

Polititet meiner det ikkje lenger er grunn til å tru at Breivik vil kunne påverka etterforskinga av terrorsaka mot han via besøk og kommunikasjon.

Fengselet vil likevel stilla visse krav til kven Breivik får kommunisera med, og meiningsinnhaldet han utvekslar med desse.

– Alle besøk må skje bak ein glassvegg med fengselsbetjentar til stades, og alle som skal på besøk vil bli sjekka med teknisk utstyr eller hund, opplyser fengselsdirektør ved Ila fengsel, Knut Bjarkeid.

Han vil maks kunne ha eitt besøk per veke, og det kan ikkje vera personar med kriminelt rulleblad. Breivik får heller ikkje utveksla informasjon som omhandlar nye lovbrot eller tryggingstiltaka i fengselet.

Etter at medieforbodet blei oppheva i midten av desember, har den terrorsikta hatt høve til å lesa aviser, sjå fjernsyn og høyra på radio. Internett har han derimot ikkje tilgang til.

– Det er det ingen fangar på høg sikring som får, seier Bjarkeid.

Ber om besøksliste

Knut Bjarkeid

I prinsippet kan fangane ved Ila fengsel få eitt besøk per veke. Men i Breivik sitt tilfelle er fengselsdirektør Knut Bjarkeid usikker på kva dei har kapasitet til.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

Fengselsdirektøren fryktar no eit renn av folk som vil møta den terrorsikta bak fengselsmurane. På grunn av dei omfattande tryggingstiltaka som må til, er det ikkje sikkert eitt besøk per veke er mogleg å få til, fortel han.

– Tryggingsnivået er særskilt høgt. Me må ha ein dialog med forsvararane om kven som skal få førsteprioritet på besøkslista, seier Bjarkeid.

Men ifølgje advokaten til Breivik er det førebels få som har meldt interesse. Til no har det kome inn ei handfull seriøse og konkrete førespurnader frå personar som vil møta Breivik.

– Dette er både personar som kjende Breivik før den 22.juli, og personar som er ukjende for han. I tillegg er det mange medieaktørar frå inn- og utland, seier Hein Bæra.

Pappa Breivik vil møta sonen

Blant dei som har ytra eit uformelt ønske om å besøka Breivik i fengselet er far hans, Jens Breivik.

Jens Breivik blei separert frå mor til Anders Behring Breivik då sonen var eitt år gamal. Han bur no i Frankrike, og bortsett frå ein telefonsamtale i 2005 har han ikkje hatt kontakt med sonen på meir enn 15 år.

I Brennpunkt-dokumentaren «Fedrene» seier Jens Breivik at han angrar på at han ikkje gjorde meir for å få kontakt med sonen att. Han seier også at han ønskjer å besøka den terrorsikta.

– Då må eg jo spørja han kva i all verda som fekk han til å gjera noko så forferdeleg, seier Jens Breivik.

(Saka held fram under videoen)

Video Brennpunkt: Fedrene - Jens Breivik

Pappa Jens Breivik snakka ut om forholdet til sonen og sin reaksjon den 22.juli i Brennpunkt-dokumentaren 'Fedrene'.

Men heller ikkje faren eller andre familiemedlemmer vil få ja til eit eventuelt møte.

– Breivik seier det vil bli dårlege og lite konstruktive møte for begge partar. Familien er usamde med han i det han har gjort og forventar anger. Han står på si side fast ved at handlingane var «grusomme, men naudsynte», opplyser forsvarar Hein Bæra.

Også pappa Jens Breivik har sine tvil om kva han vil få ut av ein samtale med sonen.

– Dersom han er så gal som rettspsykiatrane vil ha det til, så lurer eg på om det er nokon vits i å snakka med han. Han lever jo tydelegvis i ei fantasiverd, ei boble som ikkje har noko med røynda å gjera i det heile, seier Jens Breivik i dokumentaren.

AKTUELT NÅ