Etter at uvêret «Dagmar» la sin vrede over Nordvestlandet julehelga, har rundt 100 000 hushaldningar vore utan straum i lengre eller kortare periodar.
Nedblåsne tre og lynnedslag har resultert i ekstremt mange brot på straumlinja i Trøndelag, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
– Det er heilt uakseptabelt at det skal gå to døgn utan så viktig infrastruktur som til dømes telesamband. Dette har vore to tøffe døgn for veldig mange. Det har vore såpass gale at folk har vorte skremde, seier stortingsrepresentant frå Høgre, Bjørn Lødemel.
- LES OGSÅ: Onsdag er fremdeles flere tusen uten strøm opg telefondekning
- LES OGSÅ: Store problem for naudetatane etter Dagmar
Faremo vil ha gjennomgang
Lødemel er forferda over sårbarheita til telenettet, som førde til at ein pasient i heimfylket Sogn og Fjordane ikkje fekk hjelp, og døydde.
Sjokkert er også justisminister Grete Faremo (Ap). I dag dreg ho til Møre og Romsdal for å vitja dei stormherja områda der. Statsråden ønskjer at koordineringa til beredskapsetatane lokalt skal bli betre.
– Det er forferdeleg å høyra at slikt har skjedd. Eg kjenner ikkje omstenda godt nok i denne saka, men tykkjer uansett at det er viktig å sjå på om det er noko i koordineringa mellom hjelpeetatane som kan bli betre, seier Faremo.
Regjeringa sitt kriseråd sit onsdag i møte for å drøfta den kritiske situasjonen under og etter Dagmar.
- LES OGSÅ: Faremo krev gjennomgang etter dødsfall
- LES OGSÅ: Fekk straumen tilbake etter to døgn
– Me må ta ansvar
Etter eit døgn utan telefonsamband flaug sivilforsvaret inn med satelitttelefonar til uvêrsråka kommunar i Sogn og Fjordane. Det er ikkje godt nok, meiner Lødemel i Høgre.
– Det er ikkje haldbart at ein kan vera utan teledekning i over 50 timar, seier stortingsrepresentanten.
Partifelle Ingjerd Schou i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget innrømmer at situasjonen er svært beklageleg, og er samd i at regjeringa no må ta ansvar.
– Likevel er det slik at me aldri heilt kan heilgardera oss mot slikt ekstremvêr. Det vil svikta, også i framtida. Men vårt ansvar som styresmakter er å syta for at i det minste naudsamtalane kjem fram.
Schou meiner utbygginga av eit nytt landsdekkjande, digitalt naudnett som skal stå ferdig i 2015, er eit gyllent høve for regjeringa til å sjå på korleis dette kan bli mindre utsett for ekstremvêr.
- LES OGSÅ: – Nødnettet burde tas i bruk raskere