22.05.2013

– Usikkert om Egypt går vår veg

Protestabe på Tahrirplassen i Kairo er ikkje over. (Foto: Bernat Armangue/Ap)

Demonstrantane på Tahrirplassen i Kairo er ikkje nøgde med utviklinga i Egypt.

Foto: Bernat Armangue/Ap

– Det er slett ikkje sikkert at den arabiske våren fører til ei utvikling i vestleg retning. Men det må vi berre akseptere, seier Peter Skovholt Gitmark (H) i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget.

Første omgang av parlamentsvalet i Egypt viser at Den muslimske brorskapen vil få rundt 40 prosent av røystene. I tillegg vil dei endå meir ytterleggåande salafistane truleg få over 20 prosent.

Vi spurde utanrikspolitikaren Gitmark om den arabiske våren har enda i ein demokratisk kollaps.

Stortingsrepresentant Petter Skovholt Gitmark. (Foto: Bent J. Tandstad/NRK)

Peter Skovholt Gitmark (H) er sterkt engasjert i det som skjer i Midtausten.

Foto: Bent J. Tandstad/NRK

Peter Skovholt Gitmarkmeiner at mange hadde urealistiske von i forhold til kva eit val ville føre med seg i Egypt. Det er slett ikkje sikkert at ei demokratisk utvikling i Egypt og arabiske land vil gjere at dei vil velje ein vestleg modell.

Ventar splitting

– Det er for tidleg å seie kva retning Egypt vil gå i. Eg er ikkje redd for framtida til Egypt på grunn av Den muslimske brorskapen. Brorskapen er eit troll med mange hovud, og det er mange av medlemene som ynskjer eit reelt demokrati. Men det er også dei som ynskjer at religionen skal styre staten, seier han.

På sikt reknar han det som sannsynleg med ei splitting av Den muslimske brorskapen, fordi det er for store interne forskjellar i synet på korleis samfunnet skal vere.

Dersom brorskapen vel ei demokratisk utvikling, som baserer seg på ein fri marknad, trur han at landet relativt raskt vil få utanlandske turistar til å kome tilbake. Turistnæringa har dei siste åra stått for 10 prosent av brutto nasjonalprodukt, og no er talet faretruande nær null.

Stengde salsboder pregar turistområda i Kairo. (Foto: Bernat Armangue/Ap)

Stengde salsbuer pregar dei tradisjonelle turistområda i Kairo.

Foto: Bernat Armangue/Ap

– Stabilitet er det viktigaste for å få turistane tilbake. Dette er ein sektor som har generert mykje vestleg valuta, og har gitt mange arbeidsplassar. Det er heilt nødvendig for Egypt å få denne næringa i gang igjen, meiner Gitmark.

LES OGSÅ: Høg oppslutning ved valet i Egypt

LES OGSÅ: De største partiene i Egypt-valget

Viktig presidentval

Utanrikspolitikaren meiner presidentvalet blir avgjerande for den vidare utviklinga i Egypt. Her i vesten er det ein tendens til å hengje seg opp kandidatar som er kjende her, som den tidlegare leiaren for Den arabiske liga, Amr Moussa, eller den tidlegare sjefen for Det internasjonale atomenergibyrået, Mohammad ElBaradei. Men Gitmark trur det like godt kan bli ein kandidat vi ikkje har høyrt om.

– Vi kan håpe på ein modererande president som kjenner seg heime i vestleg tankegang, seier Høgre-politikaren. Og dersom det blir ei demokratisk utvikling i Egypt, så vil det få stor innverknad på dei andre landa i regionen, meiner han.

Amr Moussa, generalsekretær i Den arabiske liga (Foto: MOHAMED ABD EL GHANY/Reuters)

Amr Moussa er venta å stille i presidentvalet i Egypt neste år.

Foto: MOHAMED ABD EL GHANY/Reuters

– Egypt kjem neppe til å velje ein tyrkisk modell for demokrati, men heller ikkje ein iransk modell. Eg trur dei vil finne ei egyptisk løysing der parlamentet vil ha ei sentral rolle, legg han til.

Når det gjeld forholdet til Israel, reknar han med at Egypt på kort sikt vil lempe på restriksjonane ved grenseovergangen mellom Egypt og Gazastripa. Svært mange i Egypt er opptekne av forholda for palestinarane, slik at styresmaktene truleg vil oppleve eit press på å halde ein tøffare tone overfor Israel.

LES OGSÅ: – Trakassert på Tahrir-plassen

Mange på eksistensminimum

– Det viktigaste for dei mange som lever på eksistensminimum i Egypt, er likevel å få betre levekår, seier Gitmark.

Dette gjeld alle dei arabiske- og nordafrikanske landa som har opplevd sosiale omveltingar. Dersom ein ser på statistikkane for arbeidsløyse, arbeidsløyse blant ungdom og menneske under 25 år, så toppar desse landa alle desse statistikkane.

ElBaradei (Foto: MAHMUD HAMS/Afp)

Mohammad ElBaradei er venta å stille i presidentvalet i Egypt neste år.

Foto: MAHMUD HAMS/Afp

– Sjølv om desse landa opplevde ein viss økonomisk vekst før finanskrisa, så vart veksten oppeten av veksten i folketalet. Dette er den viktigaste misnøyefaktoren. Dei som deltok i opprøret vil krevje noko igjen, og dei vil vende seg mot makthavarane igjen om forholda for dei ikkje blir betre, meiner han.

Peter Skovholt Gitmark meiner utviklinga i Tunisia kan gi grunn til optimisme. Det var eit frammøte på 90 prosent ved valet, og det ser ut til at valet gjekk rettferdig føre seg. Det kan tyde på at landet er på rett veg. Men det er umogleg å samanlikne Tunisia og Egypt, seier han.

Dei kristne koptarane

Ein viktig test for desse landa er korleis dei vil behandle minoritetane sine, meiner Gitmark. Mubarak-regimet i Egypt sikra at dei kristne koptarane i landet, som utgjer rundt 10 prosent av dei rundt 80 millionar innbyggjarane i landet, hadde sine rettar.

– Situasjonen for koptarane i Egypt er alarmerande. Eg har høyrt at 145.000 kristne har reist frå landet i løpet av eit par månader. Det kan gi kortsiktig populær gevinst å gå inn for einsretting, men det er viktig at leiarane torer å ta upopulære avgjerder som sikrar rettane til minoritetane, seier han.

Stortingspolitikaren meiner at Noreg kan spele ei rolle i den demokratiske utviklinga i dei arabiske og nordafrikanske landa. Vår erfaring med parlamentarisme og koalisjonsregjeringar kan vere til god hjelp for land som no står i startgropa for ei demokratisk utvikling.

Ingen turistar ved pyramidane i Egypt. (Foto: JOE KLAMAR/Afp)

Her skulle det ha vore fullt av turistar, men den politiske situasjonen i Egypt får utlendingar til å halde seg unna.

Foto: JOE KLAMAR/Afp

Fakta om omveltningene i Egypt

Kairo Egypt
Foto: Amr Nabil/Ap
  • Inspirert av folkeopprøret i Tunisia brøt det 25. januar ut massedemonstrasjoner mot Egypts president Hosni Mubarak.
  • Etter tre uker med omfattende protester sentrert rundt Tahrir-plassen i hovedstaden Kairo, gikk Mubarak av 11. februar og overlot makten til landets Militærråd. Rundt 850 mennesker mistet livet i urolighetene.
  • Militærrådet skal etter planen sitte ved makten til juni 2012
  • Valget på nasjonalforsamling startet 28. november og strakte seg over seks uker.
  • Islamistpartier, med Frihet- og rettferdighetspartiet fra Det muslimske brorskap som det ledende, fikk klart flertall til begge kamre.
  • Den nye nasjonalforsamlingen skal utpeke en komité som skal skrive en ny grunnlov.
  • Militærrådet forsøkte å legge føringer på grunnlovsarbeidet, slik at militæret fortsatt ville sikres en sentral politisk og uavhengig rolle.
  • Nye demonstrasjoner på Tahiri-plassen fulgte. Mange ble drept og såret i kamper.
  • Militærrådet ba 24. november tidligere statsminister Kamal el-Ganzuri om å danne en overgangsregjering, som ble tatt i ed 7. desember.
  • Nobelprisvinner Mohamed El Baradei har trukket seg som presidentkandidat i protest mot militærets fortsatte makt over sivile institusjoner.

Fakta om kristne og muslimer i Egypt

  • Over 90 prosent av Egypts rundt 80 millioner innebyggere er sunnimuslimer.
  • Kristne utgjør rundt 10 prosent av befolkningen, anslagsvis åtte millioner personer. Med unntak av ca. en halv million katolikker og protestanter hører de til Den koptiske ortodokse kirken.
  • Den koptiske ortodokse kirke går tilbake til det første århundre e.Kr. Fra 1990-årene er kirken den største kristne minoritetskirke i den islamske verden.
  • Vel halvparten av kopterne er landbefolkning i de øvreegyptiske provinsene, en fjerdedel bor i Kairo og resten i byer og landsbyer over hele Egypt.
  • I byene er de tradisjonelt sysselsatt i bankvesen, handel og administrasjon.
  • Alle koptere er arabisktalende, og i klesdrakt og verdslige skikker er det som oftest ikke mulig å se forskjell på kopter og muslim.
  • Det er fremfor religionen og tradisjonene knyttet til den som gir kopterne etnisk identitet og opprettholder skillet mellom dem og muslimske egyptere.
  • Konservative salafister har trådt mer fram i offentlighetens lys etter at Hosni Mubaraks styre falt i februar.
  • Et av de verste angrepene mot kristne skjedde nyttårsaften, da minst 20 mennesker ble drept i et selvmordsangrep utenfor en kirke i Alexandria.
  • De siste ukene og månedene har det har vært en rekke nye sammenstøt også i Kairo.
  • Egypts militærregjering truer med strenge tiltak mot alle som forsøker å skape strid mellom kristne og muslimer.

Kilde: NTB/Store norske leksikon.

Fakta om Egypts kristne koptere

  • Kristne koptere utgjør om lag en tiendedel av Egypts befolkning, og spenningen mellom den kristne minoriteten og den muslimske majoriteten har økt i løpet av året
  • På nyåret ble 21 mennesker drept i en kirke i Alexandria nord i Egypt, i det som antas å ha vært et selvmordsangrep
  • I mars ble minst 13 personer drept i religiøse sammenstøt i den fattige Kairo-forstaden al-Muqattam etter at en krike brant ned
  • I mai ble fem mennesker drept i sammenstøt etter at konservative islamister, såkalte salafister, angrep en koptisk kirke i Imbaba, en fattig bydel i Kairo
  • I oktober ble minst 24 personer drept under demonstrasjoner i sentrum av Kairo i forbindelse med at en kirke nylig brant ned i Aswan sør i Egypt

(Kilde: TT)

Innenriks

NRK Butikken