Hopp til innhold

Byggjer tyske motorvegar med norske oljepengar

Medan vegprosjekt her i landet blir finansierte med skyhøg rente, får tyskarane låne norske oljepengar nesten gratis til vegbygging.

Autobahn

Tyskland brukar norske oljepengar til å byggje motorvegar.

Foto: A2588 Wolfgang Eilmes/dpa / Scanpix

Det er Teknisk Ukeblad som skriv dette. I artikkelen heiter det at den tyske staten har pøst ut astronomiske summar på vegbygging sidan Berlinmuren fall i 1989, og at ein betydeleg del av finansieringa kjem frå norske oljepengar.

Teknisk Ukeblad skriv at stadig fleire økonomar er kritiske til at den norske oljeformuen ikkje kan brukast på same måten her heime. Innan utgangen av tredje kvartal, har Statens Pensjonsfond utland (Oljefondet) lånt den tyske staten 61 milliardar kroner til ei rente på 1,8 prosent.

Til samanlikning legg norske styresmakter til grunn ei rentebinding på 6,5 prosent på heimlege vegprosjekt.

– Feil økonomiforståing

Erik S. Reinert

Erik S. Reinert er professor i økonomi ved Tallinn University of Technology.

Foto: Jarle Vines / Creative Commons

Professor i økonomi ved Tallinn University of Technology, norske Erik S. Reinert, meiner det er på tide at nokon set søkjelyset på forvaltinga av den norske oljeformuen.

– Nokon må gå i bresjen i Noreg for å snu den økonomiske forståinga som rår i universitetsmiljøet på Blindern og i Finansdepartementet. Vi må dreie oss mot den kontinentaleuropeiske forståinga for infrastrukturøkonomi, seier han.

Den kontinentaleuropeiske teorien er ein modell basert på lange erfaringar, der historie og geografi er viktig, fortel han til Teknisk Ukeblad.

Professoren meiner at modellen som blir brukt her i landet er ein abstrakt økonomisk tankegang basert på fysiske lover, som til dømes likevekt.

Den anglosaksiske skulen

– Med denne tankegangen forsvann historie- og geografielementa i den økonomiske forståinga, og ein teori som vi kan kalle den anglosaksiske skulen voks fram. Skilnaden på dei to teoriane er lette å få auge på når det til dømes gjeld jernbane i Europa i dag. Medan Tyskland, Frankrike, Italia og Spania har høgfartstog, har England nedslitne tog, seier han.

Han seier at norsk infrastruktur, både veg og jernbane, tyder på at Noreg høyrer til den anglosaksiske tradisjonen.

– Ein viktig skilnad på dei to økonomiskulane er også at den kontinentaleuropeiske skulen forstår finanskriser langs heile det politiske spekteret frå Hitler til Marx, medan den engelske tradisjonen ikkje forstår det, legg han til.

– Kan lære av Kina

Erik S. Reinert meiner at Noreg kan lære mykje av Kina når det gjeld å ta lærdom av den gamle kontinentaleuropeiske skulen.

– Kinesarane har plukka opp denne økonomiske teorien både når det gjeld næringspolitikk og bygging av infrastruktur. På dette feltet gjer dei alt rett, seier han.

Statens Pensjonsfond utland opplyser at dei 61 milliardane som den tyske staten har lånt til ei rente på 1,8 prosent over ein tiårsperiode, ikkje er øyremerkte.

– Kva tyskarane brukar pengane til, er ikkje vår sak, seier kommunikasjonsrådgjevar Øystein Sjølie til Teknisk Ukeblad.

– Fører ikkje til inflasjon

Erik S. Reinert meiner det ikkje er tvil om at statsobligasjonane frå Oljefondet blir brukt til bygging av veg og jernbane i Tyskland.

Han er sikker på at investeringar i infrastruktur ikkje skapar inflasjon, men heller deflasjon. dette fordi det skapar produktivitetsauke i økonomien, noko som igjen gir lågare kostnader og prisar.

– Logikken rundt infrastruktur her i landet heng ikkje på greip, og det blir stadig fleire klare over. Det norske oljefondet er ein del av ei global oversparing og underforbruk, ei slags boble som truleg vil breste. Vi vaknar nok ein dag og seier: Tenk så mykje vegar og jernbane vi kunne ha fått for dei pengane, seier han.

- Oljefondet har tapt på dei internasjonale finansmarknadene sitt kasino, avsluttar Erik S. Reinert.

AKTUELT NÅ