Hopp til innhold

Vil stoppe lærarlov

Kommunane vil stoppe Kristin Halvorsens nye lærarlov. Det synest lærarane er underlig.

Kristin Halvorsen

Mens lærarane si fagforeining Utdanningsforbundet jublar over forslaget som Kristin Halvorsen lanserte i valkampen, så er kommunane svært skeptiske.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

På Seiersten skole i Frogn i Akershus er det 24 elevar i klasse 10A når NRK er på besøk torsdag denne veka. Til vanlig er dei fleire, men nokre er sjuke i dag. Dei fleste klassane på skulen har mellom 27 og 30 elevar.

Færre elevar

Ordførar Thore Vestby

Ordførar Thore Vestby (H) i Frogn.

Foto: Håvard Grønli

Men dersom Kristin Halvorsens nye lærarlov går gjennom, kan ein typisk norsk skuleklasse bli mindre. Ho og Regjeringa vil nemlig lovfeste eit forholdstal mellom lærarar og elevar. Det betyr at det oftare vil vere undervisning i mindre grupper og at klassane kan bli mindre.

Eit mogleg utfall er at det skal vere maksimalt 22 elevar per lærar i gjennomsnitt i ungdomsskulen. For dei yngste elevane i barneskulen vil det bli endå færre elevar per lærar. Formålet med lova er å sikre at det blir fleire lærarar i norsk skule. Og dermed betre læring.

Sivert Måseidvåg (15) trur det hadde vore positivt om lærarane hadde færre elevar kvar:

– Då kan læraren fortare legge merke til om du gjer noko som er feil, meiner han, mens medelev Lotte Øen Bugge meiner kvaliteten på læraren er viktigare enn kor mange elevar det til ei kvar tid er i klasserommet.

Artikkelen fortsetter under bildet.

Sivert Måseidvåg i 10A og Lotte Øen Bugge i 10A ved Seiersten ungdomsskole.

Sivert Måseidvåg i 10A og Lotte Øen Bugge i 10A ved Seiersten ungdomsskole.

Foto: Håvard Grønli

Ueinige

Dei to elevane ser altså like ulikt på spørsmålet som norske lærarar og norske kommunar gjer. Mens lærarane si fagforeining Utdanningsforbundet jublar over forslaget som Kristin Halvorsen lanserte i valkampen, så er kommunane svært skeptiske. Dei trur det blir dyrt, og dei er skeptiske til effekten, forklarar områdedirektør Helge Eide i KS:

– Det finst ikkje bevis for at tiltaket med fleire lærarar vil gje betre læringsresultat. Då er det underlig at Regjeringa satsar på det, og ikkje snakkar om kva som fungerer best for å auke kvaliteten.

Lærarlova kan føre til at det er behov for meir enn 2500 fleire lærarar Mens Regjeringa seier lærarsatsinga skal vere fullfinansiert, så tvilar KS på om det i realiteten er sant.

– Vi har solid erfaring for at kommunane ikkje får gåvepakkar frå staten, seier Eide til NRK.

Oppfatninga blir delt av ordførar i Frogn, Thore Vestby (H). Han har kontor ein kort rusletur frå Seiersten Ungdomsskole. Sjølv om han forstår at 30 elevar kan vere ei tøff utfordring for ein lærar, så er han slett ikkje begeistra for den nye lova som er på gang.

– Det blir dyrare, unødvendig dyrare, og det er ikkje god politikk. Dette må vere opp til kvar enkelt kommune og kvar enkelt skule å styre.

– Underlig

Men lærarane stolar meir på staten enn Frogn-ordføraren og KS gjer.

– Det er underlig at kommunane ikkje ønskjer å sikre at pengestrømmen frå staten til kommunane blir betre. Dette er jo ei endring som sikrar at staten tek rekninga for at vi får fleire lærarar i skulen, seier Mimi Bjerkestrand, leiar i Utdanningsforbundet.

– Alle skjønnar at kor mange læraren har ansvar for har noko å seie for kor god oppfølgjing kvar enkelt elev får.


AKTUELT NÅ

SISTE NYTT