Hopp til innhold

- Frp gjev næring til folk som Behring Breivik

Framstegspartiet tilhøyrer eit høgreekstremt miljø som inspirerer personar som massedrapsmannen Anders Behring Breivik, meiner den norsk-franske presidentkandidaten Eva Joly.

Video Eva Joly meiner Frp er høgreekstreme

- Det ligg verkeleg hat i det underspråket som Frp brukar, meiner Eva Joly.

Terroråtaka mot Noreg 22.juli var eit sentralt tema då Eva Joly opna presidentvalkampen sin i Frankrike i helga.

I byen Clermont-Ferrand tala ho til franske veljarar om kampen mot høgreekstreme miljø i kjølvatnet av terroren som råka Noreg. Joly er klar på at Framstegspartiet (Frp) er ein del av dette miljøet:

– Parti som Frp fyrer opp under hatet. Når ein med svak personlegdom møter på deira teoriar, kan det fyra opp under galskapen. Det trur eg bestemt kan ha skjedd med Anders Behring Breivik. Dei galne rasistteoriane hans fekk næring frå dei ekstreme tankane til slike parti, seier Joly til NRK.

– Hat i underspråket

Den norskfødde, franske politikaren stiller til val i 2012 som presidentkandidat for Frankrike sitt miljøparti Dei Grøne.

Joly understrekar at ho ikkje meiner Frp står for dei ekstreme, islamfiendtlege haldningane som fekk Behring Breivik til å drepa 77 menneske.

– Men det ligg verkeleg hat i det underspråket som Frp brukar, presiserer Joly.

Under valkamp-opninga i helga fekk Joly drahjelp frå Noreg sin inkluderingsminister Audun Lysbakken (SV), som fortalde om korleis Noreg har møtt terroren. Han deler Joly si uro for parti som Frp.

– Høgrepopulistiske parti i Europa har eit ansvar for å ha skapt eit klima der mange menneske er redde, og der dei blir kollektivt stempla. Dette klimaet bidrog også til at norske muslimar var redde for å få skulda og for å bli forfylgde i dei timane då det framleis var uklart kven som stod bak terroren, seier Lysbakken.

Audun Lysbakken

Inkluderingsminister Audun Lysbakken (SV) meiner høgrepopulistiske parti som Frp må ta skulda for det islamfiendtlege klimaet som har vakse fram i Europa.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Samanliknar Siv Jensen med Le Pen

Joly sin politiske fiende nummer èin, er Jean-Marie Le Pen i det franske, høgreekstreme partiet «Nasjonal Front » (FN).

Le Pen og Siv Jensen har mykje til felles, meiner Joly.

– Frp er meir polerte, men i realiteten er underspråket deira like kraftig, seier den tidlegare avhøyrsdommaren.

Ho får medhald av statsråd Lysbakken:

– Det er eit tydeleg slektskap mellom dei nasjonalsjåvinistiske partia i Europa sin måte å snakka om muslimar og innvandrarar på, og den retorikken Frp nyttar. Det skiljet som Frp prøver å laga mellom seg sjølv og de kreftene er ofte kunstig.

Siv Jensen (Frp)

Frp-leiar Siv Jensen meiner Eva Joly bør halda seg til fransk politikk.

Foto: ODD ANDERSEN / Afp

– Krenkjande

Frp-leiaren sjølv er i full gang med valkampen opp mot kommunevalet i Noreg den 12.september. Ho berre bles av utspela til Joly.

– Eg hadde sett pris på om NRK hadde brukt litt meir energi på å dekkja den norske valkampen i staden for å dekkja den franske, seier Siv Jensen, som var på Elvefestivalen i Drammen for å sanka stemmer denne helga.

– Når det er sagt, synest eg Joly med dette utspelet avslører at ho kan meir om fransk politikk enn norsk, legg ho til.

Jensen trur fleire enn ho hissar seg opp over at Joly sit i Frankrike og feller dom over Frp.

– Eg trur det er mange i Noreg som vil føla seg krenkja og forulempa av denne typen samanlikningar, men det får stå for Joly si rekning.

AKTUELT NÅ