Hopp til innhold

– Sadistisk tortur å sitja på isolat

Terrorsikta Anders Behring Breivik må sitja fire nye veker på isolat, har Oslo Tingrett bestemt. – Sadistisk tortur, meiner den sikta sjølv.

Video 7e45a026-1493-4d5a-b673-b82d9b13930a.jpg

Sjå dommaren lesa opp rettsavseiinga i Oslo Tingrett.

Behring Breivik får dermed ikkje medhald i sitt ønskje om å få sleppa vidare isolasjon.

– Sikta har forklart at at situasjonen er «keisam og monoton» og at det er «ein sadistisk torturmetode», sa dommaren Hugo Abelseth då rettsavseiinga vart lese opp klokka 15.

Anders Behring Breivik

Anders Behring Breivik blei frakta til ein retten i ein svart, pansra bil. Han skal ha vore lite nøgd med å få fire nye veker på isolat.

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix
– Fare for at bevis vil gå tapt

Etter arrestasjonen på Utøya den 22.juli vart massedrapsmannen varetektsfengsla i åtte veker, fram til den 19.september, med brev- besøks- og medieforbod. Dei fire første vekene har han sete i fullstendig isolasjon.

I dag skulle tingretten ta stilling til om det var naudsynt å utvida isolasjonsperioden for Behring Breivik, slik påtalemakta hadde bede om.

Retten gir politiet medhald i at det er nærliggjande og reell fare for at bevis vil gå tapt dersom isolasjonsperioden vert oppheva. Retten meiner også at isolasjon ikkje er eit uhøveleg inngrep.

– Han er sikta for ekstremt alvorlege lovbrot, argumenterer sorenskrivar Geir Engebretsen.

Behring Breivik må dermed belaga seg på å sitja nok ein månad totalt avskoren frå omverda. Politiet kan halda Behring Breivik på isolat fram til den 19.september.

– Tungt og svært vanskeleg

Geir Lippestad, Anders Behring Breiviks forsvarsadvokat

Geir Lippestad er Anders Behring Breivik sin forsvarar.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Behring Breivik har også tidlegare sagt at tida på isolat er tung og svært vanskeleg. Det var ikkje krav om at den sikta måtte stilla under dagens rettsmøte, men han hadde sjølv eit ønskje om å vera til stades for å forklara korleis han opplevde tida på einecelle.

– Det å sitja heilt isolert seier han er svært vanskeleg, og vesentleg vanskelegare enn det han hadde trudd. Det er tungt for han med så mykje uvisse om kor lenge han må ha det slik, opplyser forsvarar Geir Lippestad.

Behring Breivik har fått innfridd visse ønskjer i løpet av tida på isolat. Han har blant anna fått inn meir klede, ei klokke og bøker.

– Frå cella har han tilgang til ein fastmontert PC utan internettlinje. Der kan han kvar dag i nokre timar skriva litt og sjå nokre filmar. I tillegg har han tilgang til fengselsbiblioteket, fortel forsvarar Lippestad.

Den sikta får også normale tenester som mat, lufting, tid til å ta seg ein dusj og moglegheiter for å snakka med fengselspresten

Video Anders Behring Breivik på veg tilbake til fengselet

Anders Behring Breivik på veg tilbake til fengselet etter dagens rettsmøte.

Lukka dører

Dagens rettsmøte gjekk for lukka dører. Den terrorsikta har sjølv ønskja mest mogleg openheit kring møtene i retten, men politiet er framleis usikre på om Behring Breivik opererte åleine terrordagen, eller om han hadde medhjelparar.

Dei fryktar difor at ei rettssak for opne dører vil gjera det mogleg for den terrorsikta å kommunisera med dei eventuelt medsamansvorne.

Korkje media, pårørande eller overlevande fekk dermed lov til å følgja møtet frå innsida av rettssalen.

Ein av dei overlevande frå Utøya-massakren ønskte å å sjå massedrapsmannen i augo, og anka difor avgjerda om lukka dører til Borgarting lagmannsrett.

Han fekk avslag på anken.

– Inhabile

Borgarting lagmannsrett opplyser fredag ettermiddag at nokre av dommarane som var med på å handsama anken kan ha vore inhabile.

Ein av dommarane var ein tilfeldig forbipasserande som vart lettare skadd etter eksplosjonen i regjeringskvartalet. I tillegg er sonen til ein av sakshandsamarane ein av dei som overlevde massakren på Utøya.

Lagmannsretten valde likevel å handsama anken, fordi den først kom inn dagen før sjølve rettsmøtet.

AKTUELT NÅ