Hopp til innhold

Karin Elena (15) vart skoten etter at Behring Breivik ville overgi seg

15 år gamle Karin Elena ringte heim etter at Behring Breivik hadde sagt at han ville overgi seg. Like etterpå vart ho drepen.

Karin Elena Holst

Karin Elena Holst vart skoten bakfra rett før massedrapsmannen vart pågripen.

Foto: Privat

Jenta frå Mo i Rana var ein av dei aller siste som vart drepne under massakren på Utøya 22. juli, skriv VG i dag.

Berre få minutter før Anders Behring Breivik vart pågripen, prata Karin Elena saman med foreldra sine på telefon. Det opplyser John Erik Nygaard, bistandsdvokat for jenta sine foreldre.

Tok 28 minutter

I går vart det kjent at Behring Breivik ringte politiet ein snau halvtime før han vart pågripen.

I løpet av denne tida skal han ha skutt fleire ungdommar, blant dei Karin Elena Holst.

– Det er for tidleg å kome med kritikk mot politiet. Men det er to forhold som er interessant for mine klientar i den vidare etterforskninga. Korleis lokalt politi handterte saken, og om dei venta på beredskapstroppen. Men også korleis ansvarlege i AUF handterte situasjonen, seier bistandsadvokat John Erik Nygaard til VG.

Galne avgjersler

Nygaard seier at Karin Elena sine etterlatte ønskjer at dattera sin siste telefonsamtale vert eit tema når dei seinare skal i vitneavhøyr.

– Familien tenkjer sjølvsagt det same som andre familiar: De ønskjer svar på kva som har skjedd, og informasjon om politiets responstid, seier han til Dagbladet.

Mette Yvonne Larsen er bistandsadvokat for ei rekke pårørande etter Utøya-massakren, og går enda lenger i å kritisere politiet.

– Nokon må openbart ha tatt galne avgjersler den siste halvtimen, seier ho til VG.

Ho stadfestar at mange av hennar klientar hadde telefonkontakt med sine fortvilte born etter klokka 18.

Den første politipatruljen kom til fergekaien på landsida klokka 17.52. Massemordaren vart pågripen klokka 18.27.

Bistandsadvokat for jentas foreldre John Erik Nygaard, sier til VG nett at foreldrene ønsker at datterens siste telefonsamtale blir et tema når de senere skal i vitneavhør.

AKTUELT NÅ