Hopp til innhold

Fakta om dei ti medlemmene i 22.juli-kommisjonen

Med sine vidt forskjellige faglege bakgrunnar skal dei ti medlemmene i 22.juli-kommisjonen gje svar på kva som skjedde terror-dagen og korleis styresmaktene reagerte.

Den regjeringsutnemnde, uavhengige22.juli-kommisjonen blei fredag presentert av statsminister Jens Stoltenberg.

Kva skjedde den 22.juli og kva kan me lera? Dette er dei to hovudspørsmåla som kommisjonen med sine ti medlemmer skal finna svar på.

I mandatet til kommisjonen går det fram at den skal sjå nærmare på samfunnet og styresmaktene sin evne til å:

  • avdekkja planar om - og avverga åtak
  • verna seg mot / redusera konsekvensane av eit åtak
  • handtera situasjonen under og etter slike hendingar

For å få mest mogleg kompetanse og fagleg innsikt i etterforskinga dei no skal i gang med, er kommisjonen samansett av personar med vidt forskjellige bakgrunnar, som blant anna politi, helsesektoren, jus, statsvitskap og journalistikk.

Alexandra Bech Gjørv

Alexandra Bech Gjørv.

Foto: NRK

Leiar: Alexandra Bech Gjørv

I spissen for kommisjonen står juristen Alexandra Bech Gjørv (45).

Gjørv har lang erfaring som næringslivsleiar, blant anna som direktør for fornybar energi i Hydro og seinare Statoil. Ho hadde med det ansvar for personal, helse, miljø og tryggleik.

I fjor blei Gjørv partnar i advokatfirmaet Hjort. Ho er også nestleiar i NRK sitt styre, og styremedlem i selskapet Norske Skog.

Kommisjonsleiaren har ingen kjende politiske tilknytingar.

Tidligere politimester Ragnar Auglend

Ragnar Auglend.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

2. Ragnar Auglend

Ragnar Auglend kjem frå Bergen og har sidan februar i år vore tilsett som forskar ved det juridiske fakultetet på Universitetet i Bergen (UiB).

Auglend har bakgrunn som politimeister i Hordaland og i Sarpsborg.

I perioden 2002-2005 var han rektor ved Politihøgskolen (PHS).

Auglend har også erfaring som dommar.

Fylkeslege i Finnmark, Karin Straume

Karin Straume.

Foto: Arnstein Jensen / NRK

3. Karin Straume

Karin Straume er fylkeslækjar i Finnmark og allmennmedisinar. Ho kjem frå Vadsø og har vore leiar for Allmennlækjarforeininga sitt fagutvalg (APLF).

Straume har ein master i «Public Health» og har skrive kandidatoppgåve i folkehelsevitskap ved Universitetet i Tromsø (UiTø).

Ho har gjennom sitt arbeid vore tilknyta Verdas Helseorganisasjon (WHO).

Sjefen for den militære E-tjenesten, generalmajor Torgeir Hagen.

Torgeir Hagen.

Foto: NRK

4. Torgeir Hagen

Generalløytnanten Torgeir Hagen (61) er også utpeika som medlem i kommisjonen.

Hagen kjem frå Hamar.

Han var i perioden 2002-2010 sjef for den norske Etterretningstenesta.

I 2011 utnemnde Kongen han til kommandør av St. Olavs Orden «for embetsforteneste».

Einar Enger

Einar Enger.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

5. Einar Enger

Einar Enger frå Rakkestad har lang erfaring innan leiing og marknadsføring i næringslivet, og spesielt i landbruksnæringa.

Han var konsernsjef i NSB i ti år, fram til 2011. Han har tidlegare vore administrerande direktør i Tine Norske Meierier, i Fellesmeieriet og har jobba i leiinga i Gilde.

Enger er utdanna sivilagronom og har studert ved Norges Landbrukshøgskole (UMB) på Ås i Akershus og ved Handelshøyskolen BI.

Laila Bokhari

Laila Bokhari.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

6. Laila Bokhari

Laila Bokhari er forskar ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI).

Ho har terrorisme som spesialområde, og har blant anna skrive boka «Heilag Vrede» om ekstremisme i Pakistan.

Bokhari er utdanna statsvitar. Ho har også studert arabisk og Midtausten-politikk i Jerusalem og på Vestbreidda.

NUPI-forskaren har tidlegare vore tilsett ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI).

Linda Motrøen Paulsen

Linda Motrøen Paulsen.

Foto: Baardsen, kaja / SCANPIX

7. Linda Motrøen Paulsen

Visepresident i Raudekrossen, Linda Motrøen Paulsen er også ein av dei ti medlemmene i 22.juli-kommisjonen.

Motrøen Paulsen bur i Stavanger. Ho er tidenes yngste visepresident i Raudekrossen, og har i tillegg sentrale styreverv i forskingsfondet og det humanitære fondet i den humanitære organisasjonen.

31-åringen jobbar som avdelingsleiar for realfag ved St.S.vithun Vidaregåande skule. Ho har ei mastergrad i fysikk og har studert kommuneøkonomi og leiarskap ved NTNU.

Guri Hjeltnes

Guri Hjeltnes.

Foto: Svein Inge Leirgulen / BI

8. Guri Hjeltnes

Guri Hjeltnes (57) er historikar og har lang fartstid som journalist. Sidan 2004 har ho vore professor ved Handelshøyskolen BI i Oslo, institutt for kommunikasjon, kultur og språk.

Hjeltnes er kjend som mangeårig leiar av SKUP.juryen og var medlem i Brurås-utvalet som i 2003 vurderte media si handtering av Tønne-saka.

Historikaren har gjeve ut fleire bøker om Den andre verdskrigen i Noreg. I 2009 vart ho tildelt Sverre Steen-prisen, blant anna for si formidling av viktige sider ved norsk okkupasjonshistorie.

Hanne Bech Hansen

Hanne Bech Hansen.

Foto: Brasen, Kristian / SCANPIX

9. Hanne Bech Hansen

Den tidlegare politidirektøren i København (1995-2009), Hanne Bech Hansen, skal bidra i komiteen med danske erfaringar.

Bech Hansen sat i eit utval som granska opptøyane som braut ut etter Maastrichtavtalen i 1993.

Ho har også erfaring som statsadvokat for København, Fredriksberg og Tårnby i Danmark.

10. ?

Det tiande medlemmet i 22.juli-kommisjonen skal også koma frå eitt av Noreg sine naboland. Det er førebels ikkje avklart kven dette blir.

AKTUELT NÅ