Hopp til innhold

– Han er ikkje ein helt, han er ikkje ein krigar, han er ein mann i eit kostyme

I NRK sin TV-dokumentar «22.07.11» treff du ungdommar som ikkje har tenkt å la Anders Behring Breivik øydeleggja livet deira. Dokumentaren tar føre seg terrorangrepa mot Norge og dagane etter.

Video Se klipp fra NRKs dokumentar om 22. juli

SJÅ KLIPP: I TV-dokumentaren 22.07.11 treff du mellom anna Rebekka Hennum (t.v.) og Frida Ripland Moberg. Begge var på Utøya då terroren råka landet. (OBS! Dette er berre eit utdrag frå dokumentaren. Heile dokumentaren ser du i NRK Nett-TV.)

22. juli 2011 har endra Norge. Dette var dagen då ei bombe gjekk av i Regjeringskvartalet i Oslo og dagen då AUF sin sommarleir på Utøya blei omgjort til ein massakre.

77 personar mista livet sitt som følgje av terroren.

Var nære ved å mista framtida si

To av jentene som var på Utøya, Rebekka Hennum og Frida Ripland Moberg, fortel i NRK-dokumentaren om korleis dei opplevde skytinga, og om korleis dei ser føre seg framtida.

– Eg har eit fantastisk liv og ei framtid framføre meg som eg må nyta. Eg skal bli gamal og eg skal veksa opp. Eg er så glad at eg får sjansen til dette, for eg var nære ved å mista det, seier Ripland Moberg.

Veninna hennar som ho flykta saman med blei skoten, men begge overlevde ved å gøyma seg i hytta der Norsk Folkehjelp haldt til.

– Eg har blitt litt som ein annan person. Eg er mykje modigare enn eg var før. Eg tenker at når eg har klart dette så kan eg klara alt, seier Rebekka Hennum som saman med veninna sumde til ein båt som berga dei.

– Han er feig

Om mannen som seier han står bak ugjerningane, Anders Behring Breivik, har ikkje jentene stort anna å seia enn at han var feig:

– At han i det heile tatt kom til Utøya der det er omlag 700 ungdommar som på mange måtar er heilt forsvarslause er feigt. Eg har ikkje eit anna ord for det, seier Hennum.

– Han er ikkje ein helt, han er ikkje ein krigar, han er ein mann i eit kostyme. Han er ikkje meir enn det. Han er feig, seier Ripland Moberg.

I dokumentaren som NRK har laga treff du også andre som overlevde terroren, og du blir kjend med nokre av dei som ikkje overlevde.

Du får også sjå eit Norge som sørgjer, men som blir styrka med samhald og kjærleik i tida etter terroren råka landet.

AKTUELT NÅ