– Set profesjonaliteten vår på prøve

Direktøren ved Ila fengsel og forvaringsanstalt i Bærum seier det blir ei utfordring å ta imot terror-sikta Anders Behring Breivik.
Foto: Roald, Berit/SCANPIXIla fengsel skal husa terror-sikta Anders Behring Breivik dei åtte vekene han skal sitja i full isolasjon. Ringerike fengsel var for provoserande.
Publisert 27.07.2011 11:21. Oppdatert 27.07.2011 11:42.
- Skriv ut

Terror-sikta Anders Behring Breivik.
Foto: REUTERS TV/Reuters
Ila fengsel er ein landsdekkjande anstalt for mannlege forvaringsdømte og domfelte.
Foto: Roald, Berit/SCANPIXDet er ofte Ringerike fengsel som tek imot dei verste forbrytarane, men ifølgje VG er det uaktuelt i Behring Breivik sitt tilfelle.
Fengselet har nemleg utsikt over Tyrifjorden i nærleiken av Utøya, der massedrapsmannen kaldblodig skaut og drap 68 menneske fredag 22.juli.
- LES OGSÅ: Vanskelig å dra tilbake til Utøya
- LES OGSÅ: Flukten fra Anders Behring Breivik
– Etisk forkasteleg
Styresmaktene har vurdert ulike fengsel for Behring Breivik, og falle ned på Ila fensel i Bærum som ein passande forvaringsanstalt.
Forbundsleiar i Kriminalomsorgens yrkesforbund, Knut Arne Svenkerud seier til VG at han meiner vurderinga er riktig.
– Det ville vore etisk forkasteleg å ha han på Ringerike, der han vil ha utsyn over Tyrifjorden, seier Svenkerud.
- LES OGSÅ: Breivik fengsles i åtte uker

Fengselsdirektør ved Ila fengsel, Knut Bjarkeid seier det blir ei utfordring å ta hand om Anders Behring Breivik.
Foto: Leif Kristian Hatland/NRK
Utfordring for Ila

Fengselsdirektør ved Ila fengsel, Knut Bjarkeid seier det blir ei utfordring å ta hand om Anders Behring Breivik.
Foto: Leif Kristian Hatland/NRKI likskap med Ringerike har også Ila fengsel lang erfaring med å ta hand om fangar som står bak grufulle ugjerningar.
Å ta imot Behring Breivik blir likevel ei utfordring, ifølgje fengselsdirektør Knut Bjarkeid.
– Denne udåden rører ved kvart eit menneske, også meg og våre tilsette. Dette oppdraget set profesjonaliteten vår på prøve. Me må ta vare på han på ein humanistisk møte, seier Bjarkeid til VG.
- LES OGSÅ: Terroraksjonen var «plan B»

Behring Breivik får plass på eineromsavdelinga ved Ila fengsel.
Foto: Roald, Berit/SCANPIX
Fryktar sjølvmordsforsøk

Behring Breivik får plass på eineromsavdelinga ved Ila fengsel.
Foto: Roald, Berit/SCANPIXIfølgje fengselsdirektøren førebur dei tilsette ved Ila fengsel seg no på å møta den terror-sikta massedrapsmannen andlet til andlet. Tilgang på prest, psykolog og helsepersonell skal gjera det lettare for fengselsvaktane å handtera oppdraget.
Behring Breivik vil bli plassert i ei isolasjonscelle åleine. Inne på cella finst berre seng, toalett, bord og stol. Alt som kan brukast til sjølvskading er fjerna.
– Dei tilsette vil vera veldig vare med å sjå etter teikn på at han vil skada seg sjølv, seier Svenkerud i Kriminalomsorgen til VG:
Terrorangrepet mot Norge 22. juli 2011
- Nå skal kriseberedskapen testes
- Tar tilbake regjeringskvartalet
- Danske tiltalt for Breivik-hyllest
- Ber om penger etter 22. juli
- Beredskapstropper vil samarbeide
- Første Ap-landsmøte siden 22. juli
- KrF ønsker bedre terrorberedskap
- Utøya-aksjon kan havne i retten
- Avslår Breiviks frisøknad
- Mener 22. juli-penger ikke brukes
- Sliter økonomisk etter 22. juli
Innenriks
Stoltenberg måtte opereres - Vil ned fra 27 til 6 politidistrikt
- Høyre troner på Oslo-måling
- Kommunesamanslåing viktigast for Sp
- Sa opp IA - senket sykefraværet
- Ber Giske fortelje alt
- Flest vil ha Erna som statsminister
- Venter i månedsvis på kreftsvar
- Utval feller hard dom over politiet
- Reddet baby fra glovarm bil
- Flere innvandrere uttransportert
- Siri Kalvig trekker seg fra styret

